Hopp til innhold

Kva er motivet til Nord-Korea?

Det verda spør seg om no, er kvifor den Nord-Korea senka det sør-koreanske marinefartøyet.

Cheonan

Restane frå marinefartøyet «Cheonan» løftast opp på eit frakteskip.

Foto: HONG JIN-HWAN / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Støynivået er alltid høgt når det kjem meldingar frå Pyongyang, orda er meir kontante og mindre diplomatiske enn dei som kjem frå andre hovudstader.

Slik sett treng det ikkje bli full krig igjen på den koreanske halvøya, sjølv om regimet i nord seier det.

Skapt spenning

Men det er ingen tvil om at seinkinga av det sør-koreanske marinefartøyet «Cheonan» har skapt ei militær spenning som er sjeldan til og med på den alltid spente koreanske halvøya.

Nord-Korea var påfallande raskt ute med å avvise alle skuldingar og å truge med total konflikt om Sør-Korea på noen som helst måte aksjonerer etter hendinga.

Bevisa er overveldande, seier den sør-koreanske granskingskommisjonen med full støtte frå internasjonale ekspertar: «Cheonan», som gjekk ned med 46 marinesoldatar, blei seinka av ein torpedo bygd i Nord-Korea, og avfyrt frå ein nord-koreansk ubåt.

Sørkoreanarane har tråla botnen på havaristaden og plukka opp torpedorestar og seier at ingen annan forklaring er muleg.

Det kommisjonen ikkje kan svare på, er kvifor Nord-Korea i så fall gjorde dette.

Ein teori er at det var hemn for samanstøyten i Gulehavet i fjor haust, da eit nord-koreansk krigsskip tok seg inn i det sørkoreanarane ser som sitt farvatn, og skipet derfor blei utsett for kraftig skyting og ille medfare.

Seinkinga av «Cheonan» kan ha hjelpt til å heve moralen igjen i dei militære styrkane i nord.

Ledd i maktkamp?

Den kan også ha vore ledd i maktkampen som pågår i Pyongyang, der leiaren Kim Jong-Il slit med helsa og strevar med å få sonen sin i posisjon til å ta over etter seg.

Om seinkinga skjedde med Kims kjennskap og godkjenning, er det bare noen i Pyongyang som veit.

Men både Sør-Korea og USA seier at Nord-Korea må betale for dette. Prisen veit vi ennå ikkje. I Sør-Korea er stemninga amper, men den politiske leiinga i Seoul veit kor uberekneleg regimet i nord er og held seg førebels i skinnet.

For å minne om det: Dei to koranske statane er teknisk sett i krig i dag og har vore det siden konflikten slutta med våpenstillstand i 1953. Ingen fredsavtale blei inngått.

Grensa mellom dei to er den tyngst militariserte i verden. Og på papiret har Nord-Korea ein formidabel militær styrke; over ein million soldatar med tre og ein halv million i reserve, kampfly og ubåtar. Men mye er gammalt og utdatert og kjem til kort mot moderne militærteknologi i nabolandet.

Også kjernefysisk. Nord-Korea har atombomber, men er ikkje i stand til å plassere dei på bærerakettar.

Sjølv om Nord-Korea har blåst i FN-sanksjonar før, kjem det ganske sikkert nye straffetiltak nå.

Venteleg vil USA og Sør-Korea også auke marineøvingane sine, og heilt sikkert drøftar Washington å vente med å overføre ansvaret for militæroperasjonane i Sør-Korea til sørkoreanarane sjølve frå 2012, slik avtalen er. USA kan også sette Nord-Korea inn igjen på lista over statar som støttar terror.

Når Hillary Clinton denne helga gjestar Kina, vil Korea bli tema.

Kina i skvis

I den grad Nord-Korea har ein venn, er det Kina - som forsyner landet med mat, drivstoff og andre varer.

Kim Jong-Il lyttar til kinesarane, og Kina er nå under press til å bruke innflytelsen sin overfor Nord-Korea og få Pyongyang til å be om unnskyldning. Og viss ikkje, vere med på sanksjonar.

For Kina blir det ein delikat balanse mellom den uttalte linja om å ikkje blande seg inn i andre lands indre saker, og målet om å vere den regionale stormakta.

Det er også eit poeng at Kina og Sør-Korea har kome kvarandre nær dei siste åra.

Begge ser med uro på tilstanden i Nord-Korea og fryktar at regimet der skal kollapse og samfunnet ende i kaos.

Det kan få store verknader på kinesisk side av grensa, men ganske sikkert enda meir på den sør-koreanske.

Marerittet i Seoul er ikkje lenger nord-koreansk artilleri og fiendtlege kommandosoldatar over og under grensa, men 23 millionar svoltne og fattige brødre frå nord som bankar på dørene og skal hjelpast over dei økonomiske barrierane mellom dei to landa.