Hopp til innhold

Kritisk situasjon i Mariupol: Innbyggjarar skal vere tvangsevakuerte til Russland

Gatekampane held fram i Mariupol, seier den regionale guvernøren. Styresmaktene i byen seier at fleire tusen innbyggjarar i byen skal vere tvangsevakuerte til Russland.

Lokale innbyggere går i nærheten av skadede boligbygg i den beleirede byen Mariupol

Politisjef i Mariupol seier barn og eldre døyr. Han skildrar byen som rasert og viska vekk frå kartet.

Foto: STRINGER / Reuters

Her kan du lese om kva som skjer i krigen i Ukraina søndag. Du kan lese om:

4000 menneske skal vere flytta

Kampane i Mariupol går føre seg no inne i sjølve byen. Det sa regionguvernør Pavlo
Kyrylenko i eit TV-intervju søndag, skriv Reuters.

Fleire tusen innbyggjarar skal vere tvangsevakuerte til Russland, ifølgje bystyresmaktene i Mariupol.

I ei ytring seier bystyret at innbyggjarane skal vere ført til leirar der russiske styrkar sjekka telefonane og dokumenta deira, for så å sende dei til Russland.

Pro-russiske tropper kjører et pansret kjøretøy i den beleirede byen Mariupol

Pro-russiske styrkar køyrer ei pansra køyretøy i den omleira byen Mariupol.

Foto: STRINGER / Reuters

Ordførar i byen, Vadym Bojtsjenko seier i ytringa at det er vanskeleg å førestille seg at folk blir tvangsevakuert til eit anna land på 2000-talet, skriv CNN.

Søndag kveld melder det russiske forsvarsdepartementet at fleire enn 330.000 menneske er blitt evakuerte frå Ukraina sidan angrepa starta den 24. februar.

Pyotr Andryuschenko jobbar for ordføraren og har sagt til The New York Times at rundt 4000 menneske skal vere flytta til Taganrog dei fekk med seg passa sine.

Taganrog er ein by i regionen Rostov som grensar til søraust Ukraina.

Evakuerte oppholder seg på midlertidig innkvarteringssenter i Taganrog

Det bilete skal vise korleis det ser ut inne i innkvarteringssenter i den russiske byen Taganrog.

Foto: SERGEY PIVOVAROV / Reuters

Lege Eduard Zarubin forlét Mariupol på onsdag, men seier at han har hatt kontakt med tre familiar som har blitt tatt med til Taganrog av russiske soldatar.

– Russarane kjem gjennom kjellarar, og om det er folk der, tar russarane dei med til Taganrog med makt, sa Zarubin til avisa.

Dette er opplysningar som ikkje er stadfesta frå uavhengige kjelder.

Rakettangrep mot militærbrakke – rundt 40 soldatar drepne

På fredag vart ein militærbrakke i den ukrainske byen Mykolajiv øydelagt i eit russisk rakettangrep.

Arbeidet med å leite etter overlevande held framleis fram, og det er uklart kor mange soldatar som var inne i brakka under angrepet.

Ukrainske soldater søker etter lik i ruskene ved militærbrakken som ble truffet av russiske raketter fredag 18. mars 2022.

Ukrainske soldatar leitar etter omkomne soldatar i ruinane etter rakettangrepet i Mykolajiv.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Ifølgje guvernøren i regionen sov marinesoldatane då angrepet skjedde.

– Eg vil aldri gløyme det, alt rista, seier soldat Alexander til nyheitsbyrået Associated Press.

Ein talsperson for det ukrainske militæret anslår til The New York Times at rundt 40 marinesoldatar døde i angrepet.

Om det stemmer, er rakettangrepet det dødelegaste angrepet på ukrainske styrkar sidan krigen starta, skriv AP.

Kunstskule med sivile er bomba i Mariupol

Bystyret i Mariupol hevdar søndag morgon at russiske styrkar skal ha bomba ein kunstskule i hamnebyen laurdag, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Rundt 400 menneske skal ha søkt tilflukt der. Det er førebels ikkje meldt om dødsfall.

Sjå bilete frå skulen her:

Laurdag var det igjen harde kampar i hamnebyen Mariupol, og russiske styrkar avanserte mot sentrum.

Dette gjorde det vanskeleg å redde ut fleire hundre menneske som har sete innesperra i eit utbomba teater sidan onsdag.

Ruinene av teateret i Mariupol i Ukaina 19 mars 2022

Eit satellittbilete viser omfanget av bombinga av teateret i Mariupol. Gatekampar hindra ein redningsaksjon for dei hundrevis av menneske som sit fanga i ruinane av teateret som vart bomba av Russland onsdag.

Foto: Maxar technologies / AP

Sidan invasjonen av Russland har Mariupol hatt nokre av dei hardaste kampane.

– Barn og eldre døyr. Byen er rasert og viska vekk frå kartet, sa politisjef Michail Versjnin i ein video som var filma i ein av gatene i byen.

Angrepa held fram og 80 prosent av bustadene i byen er øydelagde.

Det store stålverket Azovstal har også fått store skadar. Ein talsmann sa at stålverket, som er eit av Europas største, er i ferd med å bli heilt øydelagt.

Ødelagte boligblokker i Mariupol. Store deler av byen er ødelagt av luftangrep og kamper mellom russiske og ukrainske styrker.

Fleire bustadblokker er øydelagde i Mariupol.

Foto: PAVEL KLIMOV / Reuters

Fleire skal vere drepne i angrep på bustadblokk

Styresmaktene i Kharkiv hevdar at fleire sivile er drepne i eit russisk artilleriangrep på ei bustadblokk i byen.

Ifølgje militære kjelder er minst fem drepne, og ein av dei skal vere ein ni år gammal gut.

Kharkiv er den nest største byen i Ukraina og har vore omleira av russiske styrkar sidan byrjinga av invasjonen 24. februar.

Redningsmannskaper jobber på stedet til National Academy of State Administration-bygningen i Kharkiv, Ukraina

Redningsmannskap jobba fredag på eit øydelagt administrasjonsbygg i Kharkiv.

Foto: Andrew Marienko / AP

Styresmaktene seier at 266 sivile skal ha mista livet i byen, og 14 av dei skal vere born, skriv NTB.

Zelenskyj talte til Knesset

De siste tida har president Volodymyr Zelenskyj heldt talar for fleire forsamlingar i verda.

Søndag var turen komen til nasjonalforsamlinga i Israel. Zelenskyj meiner både Israel og Ukraina er land som er truga med å bli øydelagde. Han sa blant anna at det var tide for israelarane å ta ein avgjerd om å støtte Ukraina.

– Ukraina tok valet om å redde jødar for 80 år sidan. Nå er det på tide at Israel tar sitt val, sa han.

Tidlegare på dagen hadde Zelenskyj sagt at omleiringa av Mariupol vil gå inn i historia som eit krigsbrotsverk gjort av russiske styrkar.

– Å gjere dette mot ein fredeleg by. Det som okkupantane gjorde, det er ein type terror som vil bli hugsa i hundre år.

Zelenskyj sa dette i ein videotale til nasjonen tidleg søndag morgon.

Zelenskyj fortalde også til ukrainarane at forhandlingane med Russland verken er enkle eller hyggjelege, men at dei er naudsynte.

Volodymyr Zelenskyj

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj talte tidleg søndag morgon frå presidentkontoret i Kyiv.

Foto: Ukrainas presidentkontor / AP

Zelenskyj kunngjorde også i talen at Ukraina forbyr fleire prorussiske parti så lenge krigslovene er på plass i landet.

– Aktivitetane til politikarane som er retta mot splitting eller samansverjing, vil ikkje lukkast, men vil få ein kraftig respons, sa han ifølgje avisa Ukrainska Pravda.

Dei i alt 11 forbodne partia blir stempla som anten euroskeptiske, antiliberale eller prorussiske.

Ukrainske Interfax, melder på same tid at rundt 1500 medium som spreier russisk propaganda er blokkerte i Ukraina, ifølgje BBC.

Mediekanalane skal ha ein lyttar- og sjåarmasse på rundt 15 millionar.

SISTE NYTT

Siste nytt