Hopp til innhold

Hadde skrevet «barn» på bakken, skal likevel ha blitt treft av russiske bomber

Teaterbygningen i Mariupol skal ha blitt øydelagt i eit luftangrep onsdag. Mellom 500 og 800 menneske hadde søkt vern der, seier augevitne til Human Rights Watch.

Video skal vise at teateret ble brukt som tilfluktssted

Video skal vise at teateret blei brukt som tilfluktsstad

Kvinner og barn skal ha brukt bygninga som tilfluktsstad etter at krigen braut ut, ifølge myndigheitene.

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW) seier at dei har snakka med personar som hevdar det var mellom 500 og 800 menneske inne i teaterbygninga.

Ein av dei som har snakket med HRW er ein lege som var i bygninga nokre dagar før angrepet, skriv Kyiv Independent.

Ein annan person som menneskerettsorganisasjonen har intervjua leverte vatn og mat til familiane som hadde søkt tilflukt der, skriv den ukrainske avisa.

Human Rights Watch har ikkje komne gjennom på telefon til Mariupol torsdag morgon og kan ikkje bekrefte om nokre kom seg ut av bygningen før bomba falt.

Dette bildet har byrådet i Mariupol delt på Telegram. Det skal vise teateret i byen som er bombet, ifølge styresmaktene.

ØYDELAGT: Dette bildet har byrådet i Mariupol delt på Telegram. Det skal vise teateret i byen som er treft, ifølge styresmaktene.

Foto: telegram

Varaordførar i byen, Serhiy Orlov, seier til BBC at mellom 1000 og 1200 menneske var i bygningen. Talet på omkomne er framleis ukjent, ifølge Orlov.

Det ukrainske utanriksdepartementet skriv på Facebook torsdag kveld at det er umogleg å vite kor mange menneske som er ramma av bombinga av teateret fordi det er pågåande kampar i området.

Inngangspartiet er blokkert, melder byrådet, skriv CNN.

Det russiske forsvarsdepartementet nektar for at dei har utført luftangrep mot teateret i Mariupol, skriv Reuters som siterer det statlege russiske nyheitsbyrået RIA.

Merket med» BARN»

Satellittfirmaet Maxar Technologies offentleggjorde onsdag bilete som syner at nokon har måla «DETI» på asfalten utanfor teateret. Deti er det russiske ordet for barn.

Teaterbygningen i Mariupol. Både foran og bak var det malt "barn" i hvite bokstaver på dette satelittbildet fra 14. mars.
Foto: AFP

Styresmaktene i byen har lagt ut fleire meldingar på Telegram, der det også ligg eit bilde av ei fullstendig øydelagt bygning. Bomba skal ha blitt sleppt frå eit fly, ifølge styresmaktene i Mariupol.

Myndigheitene: 2400 er drepne

BBC skriv at lokale styresmakter hever at 2400 er drepne i løpet av angrepa på Mariupol. Talet kan vere høgare. Mange av de drepne er lagt i massegraver.

Situasjonen i den sørlege hamnebyen Mariupol i Ukraina blir stadig verre, ifølge Raudekrossen. Ein del har flykta, men minst 200.000 sivile må evakuerast snarast, ifølge organisasjonens info denne veka.

Mariupol er ein viktig by for at Russland kan etablere ein landsforbindelse mellom separatistkontrollerte område i aust og Krim, som blei annektert av Russland i 2014.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt skriv på Twitter at dei som står bak angrepet må bli haldne ansvarlege.

– Russland er ansvarlege for blodbadet gjennom sin uprovoserte og ulovlege aggresjon, skriv Huitfeldt.

Angrep mot fleire bustadblokker

Det har vore tre veker med krig i Ukraina denne veka.

Fleire bustadblokker i Kharkiv og Kyiv blei i morgontimane onsdag angripe av russiske styrkar. Krigen kan vere på veg inn i ein endå meir brutal fase, seier forskar.

I Kyiv ble en tolv etasjers boligblokk rammet av et russisk artilleriangrep rundt klokka 6 onsdag morgen.

I Kyiv blei ein tolv etasjars bustadblokk ramma av et russisk artilleriangrep rundt klokka 6 onsdag morgon.

I Ukrainas nest største by Kharkiv er to personar stadfesta omkomne etter eit angrep mot to bustadblokker.

Blokkene blei treft av eit russisk artilleriangrep natt til onsdag. Redningsmannskap jobbar no med å søke etter overlevande.

Også ein skule skal ha blitt treft av eit angrep, melder ukrainske naudetatar. Dei skriv at 800 kvadratmeter av skulen er øydelagt, og ein person meldt skadd.

Ei eldre kvinne, evakuert frå ei bustadblokk som blei angripe, får hjelp av helsepersonell.

Ei eldre kvinne får hjelp av helsepersonell etter at ho blei evakuert frå bustaden sin.

Foto: AFP

I Kyiv blei ei tolv etasjars bustadblokk ramma av russiske artilleriangrep rundt klokka 6 onsdag morgon. Det skal ha begynt å brenne i fleire av etasjane, men brannane blei sløkt like før klokka 8.

Naboblokka på ni etasjar blei også skadd. 37 personar blei evakuert, og to er meldt skadd.

Ifølge AFP intensiverer Russland no angrepa mot hovudstaden i Ukraina.

Bombing i Kyiv.

Røyk siv opp frå bygningar etter fleire eksplosjonar i Kyiv. Bilde tatt om morgonen 16. mars.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

Førsteamanuensis og leiar av Ukraina-programmet ved Forsvarets høgskule, Tom Røseth, seier Kyiv vil vere eit viktig mål for russarane. Dei er likevel langt unna.

– Ein hovudstad vil alltid vere viktig og symbolsk. Der er også leiinga, kommando og kontroll, president Zelenskyj og hans stab, seier Røseth til NRK.

Tysdag kveld blei det innført portforbod i Kyiv, som varar til torsdag morgon. Ordføraren kallar situasjonen «vanskeleg og farleg».

Skyting mot togstasjon

I løpet av natta har flyalarmen gått i mellom anna Kyiv, Zjytomyr, Lviv, Ivano-Frankivsk, Odesa og Dnipro.

Det er kome meldingar om eksplosjonar i Odesa, medan ein eksplosjon i Zaporizjzja lammar togtrafikken. Ifølge guvernøren skyt russiske styrker mot sivile mål, og ein rakett skal ha treft like ved togstasjonen.

Tusenvis av personar søker tilflukt i byen. Over 3200 bilar skal ha klart å evakuere frå Mariupol til Zaporizjzja i løpet av natta, ifølge regionale myndigheiter.

Situasjonen blir stadig meir kritisk for dei 400.000 menneska som er i Mariupol. Dei har ikkje vatn eller straum, og er i ferd med å gå tomme for mat som følge av at russiske styrkar omringar byen.

Russiske helikopter øydelagde

Det ukrainske forsvaret melder at dei har øydelagt minst tre russiske helikopter som stod på den internasjonale flyplassen i Kherson. Også andre militærkøyretøy skal ha blitt treft.

Svart røyk stiger opp fra flyplassen i Kherson i Ukraina 15 mars 2022. CNN oppgir at de går god for ektheten av bildet.

Svart røyk stig opp frå flyplassen og fleire helikopter står i brann, ifølge ferske satellittbilde frå Planet Labs. CNN har lokalisert og verifisert bilda.

Foto: Satellittbilde fra Planet Labs

Russiske styrker har hatt kontroll over både Kherson og flyplassen sidan 3. mars. Byen ligg heilt sør i Ukraina, og er ein viktig port til Svartehavet. Det er ikkje stadfesta korleis ukrainske styrker klarte å øydelegge fartøya.

Ifølge CNN er dette det mest skadelege motangrepet det ukrainske militæret har utført mot russiske helikopter i krigen.

Angrepet på flyplassen blei fanga opp av NASA sitt system for å spore store brannar verda over. Ifølge deira data skjedde angrepet klokka 13.42 lokal tid.

Zoomar ein inn, ser ein fleire gjenstandar som brenn på flyplassen.

Zoomar ein inn, ser ein fleire gjenstandar som brenn på flyplassen.

Foto: SATELLITTBILDE FRA PLANET LABS

Meiner krigen kan bli meir brutal

Ifølge britisk etterretning slit russiske styrker med å rykke fram i Ukraina. Dette utnyttar ukrainske styrkar, som klarer å påføre dei store tap.

Sjefforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt, Kristian Åtland, seier Kherson er den einaste storbyen Russland har klart å ta full kontroll over.

– Ukraina har i stor grad klart å stoppe og forseinke den russiske framrykkinga, kanskje særleg i nord og i aust.

Kristian Åtland

Kristian Åtland ved Forsvarets forskningsinstitutt seier Ukraina har eit heilt anna forsvar i dag enn i 2014.

Foto: NRK

No kan krigen vere på veg inn i ein meir brutal fase, meiner Åtland.

– I tidlegare fasar i krigen var det militære mål, som infrastruktur. No har vi sett eit skifte mot meir mjuke mål mot sivile. Sivil infrastruktur, telekommunikasjon, oljelager, gassrøyrleidningar – og no ser vi angrep rett og slett mot bustadblokker, skular og sjukehus.

– Det er ingen tvil om at dette er heilt i strid med krigens folkerett, seier Åtland vidare.

Luftkampar over Zjytomyr i natt

Ukrainske militære kjelder seier dei har skote ned eit russisk kampfly av typen MIG over byen Zjytomyr, vest for Kyiv.

Flyet skal ha vore involvert i luftkampar med to ukrainske fly, og det eine vart skote ned. Det russiske flyet vart treft av ukrainsk luftvern og styrta.

NRKs journalistar i Zjytomyr, Yama Wolasmal og Lokman Ghorbani, vakna klokka 3 i natt av flyalarmen. Seinare fann dei ut at det hadde føregått luftkampar.

Pensjonisten Lena fortel at ho ikkje veit korleis ho skal få bygd opp huset sitt igjen.

Pensjonisten Lena (74) fortel korleis dei har bygd huset sitt stein for stein. No ligg det i ruinar, og Lena og mannen veit ikkje korleis dei skal få heimen sin opp igjen.

Foto: Yama Wolasmal / NRK
Krateret der missilen traff.

Krateret der ein missil traff.

Foto: Yama Wolasmal / NRK
Mange hus har blitt fullstendig øydelagt.

Mange hus har blitt fullstendig øydelagde.

Foto: Yama Wolasmal / NRK
Ein bil ligg opp ned i ruinane i Zjytomyr.

Ein bil ligg opp ned i ruinane i Zjytomyr.

Foto: Yama Wolasmal / NRK
Veggen på eit hus er blåst vekk.

Veggen på eit hus har blitt blåst ut.

Foto: Yama Wolasmal / NRK

Zjytomyr har blitt ein sentral by for å dele ut forsyningar til andre ukrainske byar, noko som kan vere årsaka til at Russland ser på byen som eit mål.

Ukraina oppdatert kart 16.03.2022

Kilde: Institute for the Study of War / Rochan Consulting / NRK. Oppdatert (16.03.2022)

Kilde: Institute for the Study of War / Rochan Consulting / NRK. Oppdatert (16.03.2022)

SISTE NYTT

Siste nytt