Hopp til innhold

Kraftig jordskjelv utanfor Japan

Japanske styresmakter har sendt ut eit tsunamivarsel, etter at eit jordskjelv med styrke 7,2 blei registrert i havet om lag 200 kilometer aust for Japan.

Tokyo

Meteorologisk Institutt i Japan har sendt ut eit tsunamivarsel på 50 centimeter for den nordaustlege delen av Japan etter jordskjelvet onsdag morgon.

Foto: Itsuo Inouye / Ap

Det kraftige jordskjelvet fekk høghus i Tokyo til å svinga onsdag morgon.

Ristinga varte i fleire minutt, fortel eit vitne til nyheitsbyrået AFP.

Skjelvet hadde episenter i havet 160 kilometer aust for kysten av hovudøya Honshu, nordaust for Tokyo.

Tsunamivarsel

Japanske styresmakter har sendt ut eit tsunamivarsel på 50 centimeter for den nordaustlege delen av Japan, som følgje av skjelvet.

Politiet seier det ikkje er kome inn meldingar om personskadar eller materielle skadar etter skjelvet og tsunamien.

Fleire japanske ekspresstog stoppa automatisk som følgje av skjelvet, men var snart i gang igjen.

Energiselskapa melder at tre atomkraftverk i området fungerer som normalt.

Jordsjelv i Japan

Ein tilsett ved Japans Meteorologiske Institutt viser kvar tidlegare jordskjelv har hatt sine episenter under ein pressekonferanse onsdag.

Foto: Toru Hanai / Reuters

Fryktar nytt storskjelv

Jordskjelv er eit daglegdags fenomen i Japan, men dei fleste skakingane er såvidt merkbare.

Med sine 30 millionar innbyggjarar er Tokyo ein av dei mest befolka byane i verda, og innbyggjarane må leva med ei konstant frykt for at eit katastrofalt skjelv ein dag skal ta tusenar av menneskeliv.

I 1923 gjekk heile 140 000 menneskeliv tapt i «det store Kanto-jordskjelvet».

Det seinaste katastrofeskjelvet var Kobe-skjelvet i 1995, der meir enn 6400 liv gjekk tapt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt