Hopp til innhold

Kraftig jordskjelv rysta Asia

Minst ein person skal vere død og 30 skadde etter jordskjelvet som søndag skapte panikk blant innbyggarane i Pakistan, Afghanistan og India.

Pakistan

Ein mann hjelp ein skadd gut til sjukehuset i Peshawar, Pakistan.

Foto: Mohammad Sajjad / Ap

– Det var ekkelt, fortel NRK-journalist Iram Ansari som er i Lahore.

Ho kjende jordskjelvet godt.

– Mange tok til gatene etter skjelvet. Spesielt på marknadane. Etter jordskjelvet var det også kraftige etterskjelv i området. Ein kunne kjenne at veggane rista, seier Ansari.

Førebudde på eventuelle jordskred

Jordskjelvet hadde ein styrke på 6,6 på Richers skala og hadde episenter nær grensa mellom Afghanistan og Tajikistan, ifølge U.S. Geological Survey.

I Islamabad forlét fleire bustadane sine i panikk og fleire bygningar rørte på seg.

Skjelvingar blei kjent så langt som til New Delhi i India.

QUAKE-PAKISTAN/

Ein mann i Srinagar, India, ryddar etter at huset hans falt delvis saman etter jordskjelvet søndag.

Foto: DANISH ISMAIL / Reuters

Ahmad Kamal, ein talsperson for myndigheitene sitt katastrofeberedskap, sa at dei ikkje hadde motteke noko informasjon om skadar frå dei råka områda. Likevel er det førebudde på eventuelle jordskred som ofte kjem i samband med skjelv.

Kiran Saeed, ein pakistansk student, studerte heime i Rawalpindi, ein by nær hovudstaden, då stolen hennar tok til å riste. Først trudde ho nokon hadde dytta i den.

– Når eg snudde meg var der ingen der, og deretter starta veggane å riste. Vi kom oss ut og alle resiterte vers frå Koranen, sa ho til Ap.

Jordskjelv Afghanistan

Område svært utsett for jordskjelv

Dagens skjelv var det kraftigaste sidan oktober, då eit jordskjelv med ein styrke på 7,5 tok fleire enn 300 liv og skada tusenvis av bustader i nordvest.

Hindu Kush-området på grensa mellom Pakistan og Afghanistan er eit svært aktivt område når det gjeld seismisk aktivitet med hyppige skjelv. For litt over 10 år sidan tok eit jordskjelv i nord-Pakistan rundt 75 000 liv.

PAKISTAN-AFGHANISTAN-QUAKE

Barn sit mellom øydelagde hus nord i Pakistan etter jordskjelvet i oktober 2015.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt