Hopp til innhold

Kraftig jordskjelv i Mexico

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit jordskjelv med styrke 6,5 har ramma Mexico. Det har ikkje kome meldingar om skade, men bygningar i Mexico by svaia som følgje av skjelvet.

Skjelvet sitt episenter var 14 kilometer aust for byen Oaxaca i den sørlege delen av landet. I denne byen flykta folk ut av husa sine etter skjelvet, som vart registrert kl. 09.22 norsk tid.

Lokale styresmakter i det verst ramma området prøver no å få oversikt over eventuelle skadar etter skjelvet.

- Heldigvis har vi ikkje fått meldingar om skadde menneske eller øydelagde bygningar. I alle fall ikkje her ved kysten, seier beredskapssjef Alberto Narvaez i Oaxaca. Men skjelvet var kraftig, seier han, og ein av kollegaene hans seier at han vart vekt av skjelvet i natt, og at han var redd.

Straumen har gått i ein del område, men i det store og heile ser det ut til å ha gått bra. Mange menneske strøymde ut av heimane sine i berre nattøyet, også i hovudstaden Mexico by, blir det meldt.

SISTE NYTT

Siste nytt