Hopp til innhold

Knutby-pastor blir sett fri på prøve

Den tidlegare pastoren Helge Fossmo blir prøvelauslaten. Han blei dømd for å ha medverka til drap og drapsforsøk i den svenske tettstaden Knutby i 2004.

Her bodde Helge Fossmo og hans kone

Huset der Helge Fossmo og kona Alexandra budde i 2004.

Foto: Björn Larsson Ask / SvD / SCANPIX / SCANPIX

Etter 18 år i fengsel blir norskætta Helge Fossmo, som no har teke etternamnet Iversen, sett fri på prøve, melder SVT. Han blei dømd til livsvarig fengsel for å ha medverka til drap og drapsforsøk.

I 2019 blei dommen gjort om til ei tidsavgrensa straff på 26 år. Etter å ha sona to tredelar av straffa, kan ein i Sverige bli sett fri på prøve.

Fossmo fekk i fjor innvilga søknaden om prøvelauslating, og blei i april flytta til ein institusjon som skulle gjere han klar til livet utanfor murane.

Søndag blei han sett fri, og fekk klippe fotlenka sjølv, seier advokaten hans, Anton Strand, til Aftonbladet.

– Han bur i ein mellomstor by, og har skaffa seg både bustad og jobb, seier Strand til avisa.

Vedgjekk innblanding

Fossmo var pastor i eit kristent trussamfunn i Knutby i Uppsala i Sverige.

10. januar 2004 blei kona hans, Alexandra, funnen skoten og drepen i si eiga seng. Naboen Daniel Linde blei også funnen med skotskadar, men overlevde.

Først blei Sara Svensson, som hadde passa barn for familien Fossmo, sikta for drap og drapsforsøk. Eit par veker seinare blei også pastoren gripen og sikta for å ha medverka.

Pressekonferanse i forbindelse med Knutby-drapene

Knutby-saka fekk stor merksemd i 2004. Her frå ein pressekonferanse hos politiet i Uppsala.

Foto: Robert Berthagen / NTB

Fossmo blei dømd til fengsel, medan Svensson blei dømd til psykisk helsevern. Ho blei sett fri i 2011.

I eit TV-intervju i 2006 vedgjekk Fossmo at han hadde pressa Svensson, som han hadde hatt eit forhold til, til å utføre drapa, og at det var Guds vilje.

Då Fossmo blei intervjua av NRK i 2009, sa han at han meinte han fortente straffa han fekk.

Pregar framleis lokalsamfunnet

Knutby-saka fekk ny merksemd då ho var tema i dokumentarserien «Knutby – I blind tro» på HBO i fjor.

Der gjekk tre journalistar blant anna gjennom avhøyr og rekonstruksjonsvideoen av drapet, og intervjua både Fossmo og Svensson sjølv.

Helge Fossmo

I fjor var Knutby-saka tema for ein dokumentarserie på HBO. Der blei blant anna Helge Fossmo intervjua.

Foto: Shazi Özdemir / HBO Nordic

Svensson fortalde for første gong om korleis ho hadde opplevd saka.

Saka har sett sine spor i Knutby, sjølv om det har gått 18 år sidan hendingane skjedde. Journalisten Sven-Olof Ahlgren har budd i tettstaden i store delar av livet.

Han var den første journalisten som var på plass på åstaden i 2004, og seier han forstår kvifor saka framleis engasjerer.

– Det er ei makelaus historie som blei rulla opp. Men det er som ei sårskorpe som bli riven opp for oss som bur her. Det er framleis mange som hevar på augebryna når ein seier at ein kjem frå Knutby, seier han til SVT, som snakka med fleire bebuarar i Knutby.

Innbyggere i Knutby om prøveløslatelsen av Helge Fossmo

Innbyggere i Knutby om prøveløslatelsen av Helge Fossmo

SISTE NYTT

Siste nytt