Hopp til innhold

Klatrar fann skatt på Mont Blanc

Ein fransk fjellklatrar har funne ein boks med juvelar nær toppen av Mont Blanc. Juvelane har truleg ein verdi på opp mot to millionar kroner.

Mont Blanc-massivet.

Det var i dette området at ein klatrar fann ein metallboks full av juvelar.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

Politisjef Sylvain Merly i Savoie-regionen i Frankrike seier at juvelane truleg stammar frå ein flystyrt i 1950 eller i 1966. I begge tilfelle var det indiske passasjerfly frå selskapet Air India som styrta i fjellmassivet.

«Made in India»

Merly fortel at metallboksen er litt mindre enn ei skoøskje, og at det står «Made in India» på utsida. Inne i boksen var det fleire mindre posar med i hovudsak smaragdar og safirar.

Funn fra flykrasj på Mont Blanc.

Denne pakken med diplomatpost vart funnen i august i fjor. Denne stammar frå Air India-ulukka i 1950.

Foto: ARNAUD CHRISTMANN / Afp

Det er ikkje første gong det dukkar opp vrakgods eller andre gjenstandar frå Air India-ulukkene på overflata av breen på Mont Blanc, men det er første gong det er gjort funn av juvelar. I fjor vart det funne ein pakke med diplomatpost frå flyet som styrta der i 1950.

– Ting kjem opp frå breen. Brear er heile tida i rørsle, seier Sylvain Merly.

Leitar etter arvingar

No arbeider fransk politi med å finne ut om det kan vere arvingar etter forulykka etter ulukkene som kan ha krav på juvelane. Politiet er sikre på at juvelane har høyrt til ein passasjer.

Det var 9. september i år at den førebels anonyme klatraren fann skatten oppe på Mont Blanc-platået. Han gjekk rett til politiet med det han hadde funne, og det ser Sylvain Merly som eit bevis på at det framleis finst ærlege menneske.

– Han kunne ha behalde juvelane, men han varsla oss fordi han visste at eigaren hadde mist livet der oppe, seier Merly til nyheitsbyrået Reuters.

Det er uklart kva som vil skje med edelsteinane dersom ingen gjer krav på dei.

Høgst i Vest-Europa

Det var 24. januar 1966 at det siste av dei to Air India-flya styrta på Mont Blanc. 117 menneske omkom i ulukka.

Det første flyet styrta 3. november 1950, og i denne ulukka omkom 48 menneske.

Mont Blanc er det høgste fjellet i Vest-Europa med sine 4808 meter over havet. Fjellet ligg i Frankrike, men nær grensa til Italia og Sveits.

SISTE NYTT

Siste nytt