Hopp til innhold

Klasebomber drep berre sivile

98 prosent av dei som blir drepne av klasebomber er sivile, og ein firedel av offera er born.

Norge og Israel har samme type klasevåpen, M-85.
Foto: NRK

Dette går fram av ei undersøking som organisasjonen Handicap International har gjort i 24 land og regionar.

I løpet av 30 år vart 11.000 menneske drepne av klasebomber, og resultatet er eintydig. 98 prosent var sivile.

Rapporten peikar på at underrapportering i land som Afghanistan, Irak og Vietnam kan tyde på at mange fleire er drepne av klasevåpen.

Mykje tyder på at så mange som over 100.000 menneske er drepne av klasebomber i løpet av dei 30 åra som har gått sidan USA innførde våpenet under Vietnam-krigen.

Klasebomber er mindre bomber som er inne i ei større bombe. Når den store bomba treff bakken detonerer ho fleire hundre mindre bomber som blir spreidde utover eit stort område, ofte like stort som fleire fotballbaner.

Mange av desse småbombene detonerer ikkje, og blir såleis liggjande i terrenget etter at krigshandlingane er over. Klasebomber drep og lemlestar i årevis etter ein krig.

Det er eit stort internasjonalt press for å få slutt på bruken av klasebomber, men krigførande nasjonar nektar å gå med eit forbod. Sist vart slike bomber brukte av Israel under krigen i Libanon i sommar.

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt