FN krev at al-Assad må gå

I kveld stemte FN for resolusjonen som krev at presidenten i syria må gå av. Same dag blir ein ikonisk bloggar frå motstandsrørsla arrestert av syrisk politi.

Bashar al-Assad
Foto: PATRICK BAZ / Afp

I kveld har generalforsamlinga i FN stemt over ein ikkje-bindande resolusjon som vil krevje at valdshandlingane i Syria tek slutt.

Resolusjonen vart vedteke med 137 stemmer for og 12 stemmer i mot. Landa som stemte i mot var Russland, Kina og Iran, Syria, Venezuela, Nord-Korea, Nicaragua, Bolivia, Ecuador, Kviterussland, Zimbabwe og Cuba.

Ein russisk diplomat sa på førehand at Russland ville seie nei til resolusjonen. Viseutanriksministeren Gennady Gatilov sa at det nye dokumentet skil seg svært lite frå den originale resolusjonen som vart nedstemt for eit par veker sidan.

– Me kan ikkje stemme for resolusjonen, for den er framleis for ubalansert. Alle krava er retta mot regjeringa og ingenting mot opposisjonen, sa han til eit russisk nyheitsbyrå.

I tillegg til den kjende bloggaren vart fleire andre aktivistar arresterte, ifølgje opposisjonen.

Kjend bloggar arrestert

Bloggeren Razan Ghazzawi i Syria

Den kjende bloggaren Razan Ghazzawi har fortalt ei heil verd om overgrepa i Syria

Foto: - / Afp

Tidlegare i dag vart det kjent at den ikoniske bloggaren Razan Ghazzawi vart arrestert av syriske tryggingssstyrker. Menneskerettsadvokaten Anwar Bunni seier at den 31-år gamle bloggaren vart arrestert i eit uavhengig pressesenter i Damaskus.

– Alle me i det syriske senteret for jusstudiar fordømmar arrestasjonen, og krev at syriske styresmakter lauslet dei umiddelbart, seier Bunni i eit notat formidla via Reporterar Utan Grenser.

Også blant dei arresterte var den profilerte aktivisten Mazen darwish. Opposisjonen stadfestar dette i eit notat.

– Regimet sine tryggingsstyrkar gjorde eit raid på kontoret til aktivisten og journalisten Mazen Darwish i sentrum av Damaskus, og stengte så av området rundt.

Følgt av tusenvis

Sosiale nettstadar som Facebook og Twitter har vore sentrale i måten Razan Ghazzawi og fleire har formidla situasjonen under opprøret mot president Bashar al-Assad, som no har vart i 11 månader.

Syrisk-amerikanske Ghazzawi har publisert bloggen «Razaniyyat» under hennar ekte namn sidan 2009. Hennar Twitter-konto @RedRazan vert følgt av over 6500 personar.

Reaksjonane på Twitter er sterke etter at nyheita vart kjend.

«Arrestasjonen av journalistane på det syriske pressesenteret, inkludert @RedRazan, er veldig skakande. Ei vital røyst som fortalde verda om kva som skjedde i Syria», skriv BBC-journalisten Jon Williams.

«Det at @RedRazan og andre vart arrestert, viser at det syriske regimet er i ein "ingenting å tape"-mentalitet. Eg har berre lyst å rope stop'!» skriv Zeynep Tufekci.

EU tonar ned sanksjonane

ADDITION-SYRIA-UNREST

Ein syrisk opprørar poserer med våpen i byen Binnish.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Sjølv om det ikkje er nokre teikn på at situasjonen i Syria snur, har EU no bestemt seg for å tone ned sanksjonane som dei tidlegare planlagt.

Det vart kjend etter at nokre av medlemslanda med sterke handelssamband til Syria protesterte. Blant anna kriseråka Hellas protesterte mot eit importforbot, sidan dei importerer store mengde fosfat frå Syria. EU importerer 40 prosent av Syria sin fosfateksport.

Nokre av landa som protesterer, seier at dei er i mot dei verste sanksjonane mot sentralbanken i Syria, fordi det ville innebere «ein full stopp av all handel», seier ein diplomat ifølgje AFP.

Eit forslag om å forby all flytrafikk mellom Europa og Syria har også blitt vurdert i EU. Men dette har ein gått bort ifrå fordi det ville gjort det vanskeleg for europeiske borgarar å forlate landet.

EU-Forbodet mot å handle gull, diamantar og olje med Syria er framleis gjeldande. Spørsmålet om sanksjonane vil bli diskutert på ny under eit EU-møte i Brussel 27. februar.

Innførar sanksjonar

Medan EU tonar ned sanksjonane har USA funne nye vegar for å gjere det vanskelegare for det syriske regimet. USA har bestemt seg for å innføre sanksjonar mot det iranske departementet for etterretning og tryggleik, skriv NPK.

USA meiner at det iranske tryggleiksdepartementet hjelper regimet i Syria med å slå ned opprøret der.

Dei nye sanksjonane inneber mellom anna at alle verdiane departementet har i USA blir frosne. Tidlegare har USA innført fleire andre sanksjonar mot Iran som ein reaksjon på det omstridde atomprogrammet til landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt