Hopp til innhold

Kina sinkar kampen mot dyretesting

Kina skapar hovudbry for sminke-gigantane når totalforbodet mot import og sal av dyretesta kosmetikk måndag trer i kraft i EU. I Kina er dyreforsøk obligatorisk.

Marknaden for kosmetikk veks lynraskt i Kina

Kina er ein av dei raskast veksande marknadene innanfor kosmetikk. Dyretesting er påbode, men mange selskap vel profitt framfor etikk.

Foto: ALY SONG / Reuters

Måndag er ein milepæl nådd for dyrevernarar og andre som har stått på barrikadane for å bannlysa kosmetikk testa på dyr frå den europeiske marknaden.

Det varsla totalforbodet mot all import og sal av dyretesta skjønnheitsprodukt trer nemleg i kraft i alle EU- og EØS-land - inkludert Noreg.

– Det er heilt utruleg kor lang tid det har teke å få på plass eit forbod som «alle» var samde om i årevis, men no har det endeleg skjedd. Dette er ein historisk dag, seier Siri Martinsen i dyrevernorganisasjonen NOAH.

Det ferske forbodet legg press på kosmetikk-selskap som framleis ikkje har kutta ut dyretesting i framstillinga av sine produkt, men presset møter motbør i aust.

Kina er nemleg ein av dei raskast veksande kosmetikk-marknadene i verda. Der er dyretesting eit krav.

Gjorde heilomvending for å blidgjera Kina

Testing på dyr

Kinesiske styresmakter krev at all kosmetikk blir testa på dyr før den går ut i butuikkhyllene.

Foto: Feng Lin / GLOBAL IMAGE EXPRESS/MAXPPP

Store kosmetikk-merker som Lóccitane, Yves Rocher, Mary Kay og Caudalie vekte stor oppsikt og avsky då dei nyleg gjorde heilomvending for å få lov til selja produkta sine i Kina.

Etter å ha blitt applaudert av dyrevernerar for å ha teke avstand frå dyretesting, snudde dei fire produsentane for å blidgjera kinesiske styresmakter. Dermed måtte dei fjerna «Leaping bunny»-merket, sertifiseringa på at produkt ikkje er testa på dyr.

– L`Occitane har ikkje og kjem ikkje til å testa sine produkt på dyr (..) Me sel produkta våre til Kina og kinesiske styresmakter atterhald seg retten til å gjennomføra eigne testar. Me har håp om at Kina snart vil endra denne praksisen, seier ein talsmann for L´Occitane ifølgje Daily Mail.

700 millionar kvinner

Frå eit profitt-perspektiv er Kina ein langt meir attraktiv marknad for skjønnheitsprodukt enn Europa.

Det bur nærmare 700 millionar kvinner i Kina - dei desidert største forbrukarane av kosmetiske produkt. Til samanlikning bur det 260 millionar kvinner i alle EU-landa til saman.

Medan høg arbeidslause, sviktande kjøpekraft og djupe gjeldskriser pregar EU-landa og USA, er Kina den raskast veksande økonomien i verda.

Den asiatiske stormakta har difor segla opp som den nest største kosmetikk-marknaden i verda, etter USA.

I 2011 blei det omsett sminke og annan kosmetikk for 185 milliardar norske kroner i Kina. For åtte år sidan var omsetjinga på skarve 10 milliardar norske kroner, Landet er med det ein av dei raskast veksande marknadene på dette området, med ein gjennomsnittleg vekstrate på rundt 15 prosent.

Har ikkje funne fullgodt alternativ til dyretesting

Når totalforbodet mot kosmetikk testa på dyr no blir gjeldande i Europa, har ikkje forskarar klart å koma fram til ein forsøksmetode som fullt og heilt kan erstatta testing på dyr.

Europakommisjonen sette i 2010 saman eit panel med vitskapelege forskarar som skulle sjå på statusen og kartleggja framtidige mål for alternativer til dyretesting av kosmetikk.

– Tanken til EU er leggja meir press på andre delar av verda for å få dei til å bannlysa dyretesting, men vitskapen har ikkje kome like langt som den politiske agendaen, seier Colin Mackay, talsmann for Cosmetics Europe til New York Times.

Konsekvensen blir at forbrukarar i Europa ikkje får tilgang til nye produkt fordi ein manglar garanti for at dei ikkje er helseskadelege, meiner Mackay.

Sjølv om ekspertane ikkje har lukkast enda, argumenterer EU med at ein kombinasjon av fleire testar gje ei like god garanti for at produkta er trygge å bruka for menneske.

Eit anna utfall kan bli at kosmetikkfirma marknadsfører to variantar av same produkt: eitt som blir testa på dyr i Kina og eitt anna som gjennommgår alternative testar i Europa.

SISTE NYTT

Siste nytt