Hopp til innhold

Fattige bønder blir flytta frå landsbyane sine til nye leilegheiter

GANSU (NRK): Bønder som har klort seg fast til skrinne fjellsider får nye leilegheiter i gåve frå kommunistpartiet. Kinas ambisiøse plan mot fattigdom skaper både glede og frustrasjon.

Kina har erklært seier i kampen mot ekstrem fattigdom

LANDSBY: Bøndene i Luowan blir flytta ut av landsbyen og blir gitt eit nytt liv ein time unna.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

I løpet av fem år har Kina brukt 800 milliardar kroner på å flytta 9,6 millionar menneske bort frå tøffe kår på landsbygda, og inn i nye heimar. Prosjektet er ein del av Kommunistpartiets ambisiøse mål om å utrydda ekstrem fattigdom innan 2020. Dette målet er erklært nådd.

Jordbrukaren Li Gaoquan (55) pakkar ned spegelen frå ein aviskledd leirvegg. Han vil ha den med til sin nye leilegheit.

Kina har erklært seier i kampen mot ekstrem fattigdom

HEIM: Li Gaoquan lukker døra til den gamle heimen sin, og kapitlet som jordbrukar. Han har fått jobb som tryggingsvakt for turistprosjektet

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Nytt liv

Kinas styresmakter feirar at Li er ein av dei siste i landet som no blir løfta ut av ekstrem fattigdom.

Det gamle huset i landsbyen Luowan skal rivast. Medan Li rasker tinga sine med seg durar gravemaskinar over bakken og jevner andre leirhus med jorda.

– Dette er heimbygda mi. Det er ganske tøft for meg at alt dette blir borte, seier Li, til NRK.

Jordbrukarane har klort seg fast til tørre og skrinne fjellsider, og har levd frå hand til munn.

Familiens unge er positive til å flytta til det nye livet ein time unna, men korkje Li eller kona ønskjer å dra.

– Eg er femti år gamal, men også tidlegare generasjonar har budd her. Huset er ganske bra det, seier Li, med tårevåte auge.

Luowan, Gansu

FJELLSIDER: Bønder i Gansu-provinsen har klort seg fast til tørre og skrinne fjellsider

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Pressetur

Me møter jordbrukaren på ein offisiell pressetur, for Kina vil visa fram korleis landet har nådd sitt ambisiøse mål.

– Omplasseringsprogrammet er av stor betydning i kampen mot fattigdom i vårt fylke, seier fylkessjefen i Tanchang, Su Hao.

Dei nye blokkene som skal husa Li og naboane, er ein time unna. Det er endå ikkje skapt mange arbeidsplassar i området, men her kjem dei nærmare skule og legehjelp.

Nye boliger i Tanchang, Gansu

NYBYGG: Kina flytter bønder til nye bustadområder og blokker som desse i Tanchang, Gansu.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Me blir tatt med til ein familie som flytta for to år sidan. I oppgangen står det sekkar med kol. Dei er ikkje vande med å bruka gass, så dei fyrer på den gamle måten.

Ekteparet viser oss sine to bad, tre soverom, og stove.

Dei har betalt ein symbolsk sum, men leilegheita er mest ei gåve frå styresmaktene.

– Me kunne aldri, i våre villaste draumar, ha tenkt at me skulle få det så flott, seier Yang Aimin og Li Xiexian.

Kina har erklært seier i kampen mot ekstrem fattigdom

NØGD: Li Xiexian og familien takkar Kinas kommunistparti for leilegheita og det nye livet dei har fått.

Foto: Kjersti Strømmen /

Ikkje nøgd

Ikkje alle er like glade.

Utanfor eitt forseggjort hus som står att i landsbyen, ser me ein kar me ikkje er blitt presentert for. Me ønskjer å snakka med han, og då representantane frå styresmaktene følgjer etter, får dei det glatte lag.

– De har ikkje gitt oss eit dugande hus, og me har ikkje fått pengane. Difor har me heller ikkje flytta, seier Li Aixue.

Representanten frå styresmaktene seier han ikkje forstår kva pengar det er snakk om, og det provoserer husbonden.

– Eg åtvarar deg, i dag bør du vera varsam når det gjeld dette temaet, seier borgarmeister for det nye bustadområdet, Wang Xinwen.

– Jada, eg er varsam, som om eg er redd, svarer Li.

Li Aixue

IKKJE NØGD: Li Aixue er ikkje nøgd, korkje med det nye huset, eller kompensasjonen han er gitt

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

«Draumanes dal»

Inne i huset fortel tenåringsdottera at taket i den nye leilegheita allereie fell ned. Då blir ho tatt til side, og snakka til av ein av dei offisielle utsendingane.

– Eg fortel berre sanninga, høyrer me at ho seier.

Mora i familien hever også stemma.

– De som er embetsmenn tvingar oss til å flytta, men når de bygde huset så spurte de ikkje om kor mykje plass me treng. Me er fem-seks personar og så gir de oss berre tjue kvadratmeter? Er det mogleg å bu i det?

Landsbysjefen vil ha eit ord med i laget og fortel oss at landsbyen skal bli eit paradis for turistar. Prosjektet heiter «draumanes dal».

Jordbrukarane får betalt for å leiga ut jordflekkane sine, og dei får åtte prosent av prosjektet sitt overskot, på deling.

– 99 prosent er glade og nøgde. For dein eine prosenten handlar det om små ting. Det er heilt vanleg at ein av ti ikkje er nøgd, seier landsbysjef Yang Gaoxue.

Yang Gaoxue er Landsbysjef i Luowan, Gansu

LANDSBYSJEF: Yang Gaoxue er landsbysjef i Luowan, og hevdar at mesterparten av innbyggjarane er nøgde med å forlata bygda.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

LANDSBYSJEF: Yang Gaoxue er landsbysjef i Luowan, og hevdar at mesterparten av innbyggjarane er nøgde med å forlata bygda.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

God luft

Landsbyen har hatt mangel på vatn, men no blir det bygd tre symjebasseng. Nokre av jordhusa blir restaurert, slik at turistane skal få ei kjensle av korleis folk budde på landet.

– Landskapet her er nydelig. Lufta er også veldig bra. Turisme er også ein del av kampen mot fattigdom, for det hjelper oss å utvikla området vårt, seier Yang.

Når dei no får betre levekår skal dei leva på tolv kroner dagen, medan Verdsbanken si grense for ekstrem fattigdom er på 16 kroner.

Nokre har fått jobb i prosjektet. Li Gaoquan arbeider no som tryggingsvakt. Medan han før dyrka poteter, må han i framtida handla dei på butikken.

– Sjølv om huset er gamalt og fattigslig, synest eg det er trist å flytta, seier Li.

I løpet av fire tiår er så mange som 850 millionar mennesker løfta ut av ekstrem fattigdom i Kina. Myndigheitene fokuserer no innsatsen på å hindra at folk faller tilbake i djup fattigdom.

Luowan, Gansu

TURISME: Nokre av leirhusa blir ståande slik at turistar skal få ei kjensle av livet på landsbygda

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt