Hopp til innhold

Kim Jong-un hylla som ein keisar

Hundretusenvis av nordkoreanarar deltok på ei storstilt hylling av Kim Jong-un i Pyongyang i kveld, i ei heidundrande avslutning på den første partikongressen sidan 1980.

En enorm folkemengde forvandlet tirsdag Pyongyangs store paradeplass til et svært hav av farger, for å markere at landets ubestridte leder Kim Jong-un nå også kan tituleres partiformann.

VIDEO: Imponerande fakkeltog i Pyongyang.

Velkledde menn i kvite skjorter og slips, saman med kvinner kledde i tradisjonelle nordkoreanske handbok-kjolar, paraderte i ei uendeleg rekkje framfor den store leiaren, 33 år gamle Kim Jong-un, på Kim Il-sung-plassen i sentrum av den nordkoreanske hovudstaden.

Kim Jong-un.

33 år gamle Kim Jong-un vinkar til menneskemengda under paraden i dag.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Smilande og blid vinka han frå balkongen sin til den fargerike folkemengda, som jubla ekstatisk og vinka tilbake med partiflagget og kunstige blomar i friske fargar. Det vart sunge patriotiske songar, som hyllar partiet, Kim Jong-un og ikkje minst bestefaren hans, sjølve grunnleggjaren av den nordkoreanske staten, Kim il-Sung.

En æra av Kim

Den evige leiar

Kim Il-sung, som har vore død i mange år, blir framleis omtalt som Nordkoreas evige leiar. I opptoget var det enorme plakatar med bilete av han og barnebarnet, Kim Jong-un. Kim Jong-un sjølv tok over etter faren Kim Jung-il, som døydde i desember 2011.

På plakatane folk som deltok i hyllinga bar, var det tekstar som «Lenge leve kamerat Kim Jong-un» og «Ære til vår elska leiar». Tusenvis av ballongar gjekk i lufta, og folkemengda applauderte heftig og ropte «mansei» (lenge leve)

Det har stort sett gått i eitt på Kim Il-sung-plassen i heile dag. Opptoget på den store paradeplassen verka nesten uendeleg, det dukka stadig opp nye innslag. Det var blant anna ein dansesekvens som viste korleis nordkoreanske geriljasoldatar kjempa mot japanske soldatar før og under andre verdskrigen.

Imponerande fakkeltog

Etter at det vart mørkt vart det tent titusenvis av faklar, og det velregisserte opptoget var eit imponerande syn. Her skulle det ikkje vere tvil om kva det nordkoreanske folket meiner om leiaren sin.

Kim Jong-un var lett å kjenne att på podiet med den karakteristiske hårsveisen sin, og elles var han kledd i ein elegant dress med vestleg snitt.

Den fire dagar lange partikongressen, som vart avslutta i dag, var den første i Nord-Korea sidan 1980. Som venta var det ingen opposisjon mot Kim Jong-un på partikongressen, og han kan no også titulerast som partiformann.

BBC-journalist arrestert og utvist fra Nord-Korea

Vil ikke bruke atomvåpen

– Partiet er tilbake

Utanlandske journalistar som dekkjer kongressen, meiner det ikkje er tvil om at den unge statsleiaren kjem styrkt ut av det fire dagar lange evenementet. Dei meiner også at kommunistpartiet er tilbake i førarsetet igjen, etter å ha stått i skuggen av hæren dei siste åra.

Så får det heller stå si prøve at partikongressen ikkje vedtok ei einaste stor reform.

– Ny atomprøvesprengning i nær fremtid

Kim Jong-un åpnet sjelden partikongress

SISTE NYTT

Siste nytt