Kim jong Il er på hemmeleg besøk i Kina. (Arkivfoto: Reuters/Scanpix)
Kinesiske styresmakter ber på si side den nordkoreanske statsleiaren om å mjuke opp haldninga si til USA og Vesten.
Hemmeleghald
Det er ikkje ofte at Kim Jong-il reiser ut av heimlandet. Og når det ein sjeldan gong skjer, så reiser han med sitt private tog. Årsaka skal vere at mannen har flyskrekk.
Opphaldet hans i den kinesiske hovudstaden Beijing er omfatta av strenge tryggingstiltak og hemmeleghald. Det har ikkje vore mogleg for dei internasjonale nyheitsbyråa i Beijing å ta eit einaste bilete av han.
Kim Jong-il kom til Beijing tidleg i går lokal tid med eit følgje på 30-40 personar, og han gjekk rett i møte med Kinas statsminister Wen Jiabo. Sør-Koreanske media melder at han også har møtt Kinas militære sjef Jiang Zemin. Han skal også møte president Hu Jintao.
Kinesiske styresmakter har ikkje opplyst noko om at Kim er i Kina, men både USA og Sør-Korea har stadfesta at han er i landet på offisielt besøk.
Atomprogram
Det har kome ut at den nordkoreanske leiaren har sagt at han er klar til å gi opp landet sitt atomprogram, så snart USA endrar si "fiendtlege haldning" til Nord-Korea.
Kim jong Il kan bu i gjestebustaden til den kinesiske presidenten. I bakgrunnen ei bilkortesje der Kim jong Il kan vere med. (Foto: AP/Scanpix)
Dette store biletet av Kim jong Il heng utanfor den nordkoreanske ambassaden i Beijing. (Foto: AP/Scanpix)
På møte i dag skal han ha gjenteke at han ynskjer ein fredeleg utgang på konflikten med USA, men at landet vil krevje kompensasjon. Han skal ikkje ha konkretisert kva han meiner med kompensasjon.
Kinas statsminister Wen Jiabo har nyleg møtt USAs visepresident Dick Cheney, og han orienterte Kim om at det amerikanske synet på konflikten med Nord-Korea. Ei kinesisk avis skriv at Wen indirekte rådde Kim til å endre haldning til USA.
Dick Cheney gjorde det klart at tida var i ferd med å renne ut for å få til ei løysing med Nord-Korea. Han skal også ha presentert kinesiske styresmakter for nye etterretningsrapportar som viser at Nord-Korea har atomvåpen.
Økonomi
Kim Jong-il skal ha vist stor interesse for den sterke økonomiske veksten i Kina, og på veg heim til Pyongyang skal han vitje Shenyang og Dalian. Begge byane har hatt ei rivande økonomisk utvikling dei siste åra.
Det er store økonomiske problem i det lukka stalinistiske landet Nord-Korea. Det har vore forsøkt med eit økonomisk reformprogram i landet, men den økonomiske situasjonen i landet skal vere verre no enn for to år sidan.
Landet treng desperat hjelp frå Kina. Observatørar i Sør-Korea seier at styresmaktene må betre den økonomiske situasjonen i landet, for å ha sjansen til å halde på makta.
Normalisering
Ei løysing på konflikten om det nordkoreanske atomprogrammet kan vere det som skal til for å få til ei normalisering av forholdet til det internasjonale samfunnet, og dermed også sikre Kim Jong-il og regimet hans.
China har vore vert for ei gruppe på seks nasjonar som har prøvd å finne ei løysing. Gruppa består av Kina, Nord-Korea, Sør-Korea, USA, Russland og Japan. Det er planlagt ein ny runde samtalar i løpet av juni.