Hopp til innhold

Kilt i blått og gult har blitt ny skotsk hit

Det skotske selskapet «Great Scot» ønskte å gjera noko for å hjelpa ukrainske krigsoffer. Eit nytt mønster i blått og gult blei designa og «Ukraina-kilten» har blitt ein hit.

BLÅTT OG GULT: Blå, gule og kvite ulltrådar blir vovne saman. Den ukrainske kilten har blitt ein hit i Skottland.

BLÅTT OG GULT: Blå, gule og kvite ulltrådar blir vovne saman. Den ukrainske kilten har blitt ein hit i Skottland.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

På ein fabrikk i Keith i Skotland jobbar vevemaskinene for fullt.

På kryss og tvers ligg trådar i grønt, raudt, svart blått og kvitt. Det velkjente rutemønstra stoffet tartan kjem til syne.

Eitt av mønstra skil seg ut på Macnaughton Holding sin fabrikk i Keith. Dei mangefarga spolane er bytt ut. Det er blått og gult, fargane til Ukraina, som dominerer.

«Ukraine Forever Tartan»

Selskapet Great Scot har bestilt stoffet og står bak mønsteret.

– Me såg på nyheitene kva som skjedde og som alle andre var me forferda, seier Patrick Lawtas i Great Scot til nyheitsbyrået AFP.

Spørsmålet vidare var kva dei kunne gjera for å hjelpa ukrainske krigsoffer.

– Me fann ut at me kunne gjera noko for å samla inn pengar og gi til velgjerdsorganisasjonar. Resultatet blei å designa ein tartan, seier Lawtas.

TARTAN: Tartan er eit rutemønstra soff, ofte i ull, som blir brukt til kilt.

TARTAN: Tartan er eit rutemønstra stoff, ofte i ull, som blir brukt til kilt.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Det rutemønstra stoffet i blått, gult og kvitt har fått namnet «Ukraine Forever Tartan».

– Responsen har vore heilt fantastisk, legg Lawtas til.

Då det ukrainske mønsteret for første gong blei avduka på Facebooksida til selskapet, blei innlegget delt meir enn 10.000 gongar. 140.000 gav ein tommel opp og 2700 personar kommenterte.

Stor etterspurnad

Også ukrainske styresmakter har lagt merke til den skotske gesten.

– Ein ny ukrainsk tartan er registrert i Skottlands nasjonale tartanregister. Det nye ornamentet blir kalla «Ukraina for alltid». Takk!, skriv Ukrainas utanriksdepartement på Twitter.

Etterspurnaden skal også vera stor. Meir enn 3,2 kilometer med det ukrainske stoffet har allereie blitt selt, ifølgje det skotske selskapet.

POPULÆRT: 3,2 kilometer med stoffet er allereie selt.

POPULÆRT: 3,2 kilometer med stoffet er allereie selt.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Og designen er, som det ukrainske utanriksdepartementet skriv, registrert i «Scottish Register of Tartans».

For kvart sal blir pengar donert til organisasjonen «UK Disasters Emergency Committees Ukraine Humanitarian Appeal».

Great Scot-grunnleggjar Margo Page seier målet er å samla inn rundt 50.000 pund, som svarar til nærare 600.000 norske kroner.

REGISTRERT: Mønsteret er registrert i Skottlands tartanregister.

REGISTRERT: Mønsteret er registrert i Skottlands tartanregister.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Vil kle opp Zelenskyj

Til dei som skuldar ho for å bruka krigen til å auka salet, seier Page at fabrikkane som lagar tartanen er nøye utvalde.

– Det handlar om å ta vare på tradisjonane. Difor har me valt tradisjonelle, familieeigde handverksfabrikkar, seier ho.

– Og rekneskapen viser at me sjølve ikkje har tent pengar på dette, legg ho til.

DONERER: For kvart sal av stoffet blir pengar donert til velgjerd.

DONERER: For kvart sal av stoffet blir pengar donert til velgjerd.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Page fortel at draumen vidare er å kle opp Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i den ukrainske kilten.

Euan Dalgliesh, nestleiar av fabrikken i Keith, seier familien har vove i generasjonar etter generasjonar og er glad for å kunna bidra.

– Me er stolte av å veva Skottlands «nasjonaltekstil». Og om me kan veva for å hjelpa andre menneske er det flott. Me er stolte av historia vår og ukrainarar er stolte av sin.

STOLT TRADISJON: Arbeidarane på fabrikken seier stolte av å veva Skottlands «nasjonaltekstil».

STOLT TRADISJON: Arbeidarane på fabrikken seier stolte av å veva Skottlands «nasjonaltekstil».

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt