Hopp til innhold

Kasino-eigar arrestert etter journalistdrap – prøvde å stikke av i yacht

Ein maltesisk forretningsmann vart arrestert då han prøvde å stikke til havs i luksusyachten sin onsdag morgon, mistenkt i samband med drapet på journalisten Daphne Caruana Galizia.

Yachten til arrestert maltesisk forretningsmann.

Yachten var på veg ut frå kysten då han vart stansa av den maltesiske marinen.

Foto: Jonathan Borg / AFP

Daphne Caruana vart drepen i eit bombeattentat i oktober 2017. Det vart brukt ein type sprengstoff i attentatet mot bilen hennar som har vore mykje brukt av terroristar . Ho jobba med å avsløre omfattande korrupsjon på middelhavsøya, der både næringslivsfolk og politikarar var innblanda.

Mannen som no er arrestert er mistenkt for å stå bak eitt av selskapa som Caruana skreiv om nokre månader før attentatet.

Det var snakk om selskapet 17 Black Limited, som hadde base i Dubai. Caruana knytte selskapet til fleire toppolitikarar på Malta, blant andre stabssjefen til statsminister Joseph Muscat.

Mellommann

Før helga var eit mann arrestert i samband med drapet, mistenkt for å ha vore mellommann mellom dei som utførte attentatet og oppdragsgivarane. Tysdag kom meldinga om at statsministeren hadde benåda den mistenkte mellommannen, mot at han kom med informasjon.

Muscat seier at det ikkje er noko som tyder på at stabssjefen eller andre maltesiske toppolitikarar er innblanda i saka.

Onsdag morgon før soloppgang la altså den no arresterte kasinoeigaren ut frå øya i luksusyachten sin, men det er uklart kvar han var på veg. Den maltetiske marinen aksjonerte mot fartøyet og taua det til hamn.

På ferieøya Malta ble journalisten sprengt i lufta

Støttemarkering i Valetta på Malta.

Drapet på Daphne Caruana Galizia vekte sterke reaksjonar på Malta. Her frå ein demonstrasjon utanfor regjeringsbygningen i hovudstaden Valletta.

Foto: Matthew Mirabelli / AFP

Har 48 timar på seg

No har det maltesiske politiet 48 timar på seg frå arrestasjonen til å gjennomføre avhøyr og ta ut ei sikting. Om ei sikting ikkje er klar etter 48 timar, må mannen setjast fri.

Tre menn vart arresterte for drapet på Daphne Caruana Galizia i desember i 2017, men politiet har ikkje greidd å finne ut kven som gav ordre om å ta livet av gravejournalisten. Kjelder på Malta seier til Reuters at mannen som vart arrestert sist veke fekk tilbod om å bli benåda, mot at han fortalde kven den eigentlege oppdragsgivaren var.

Få dagar etter blir altså ein kasinoeigar, som tidlegare har vore knytt til selskap Galizia har skrive om, arrestert om bord i yachten sin.

I tillegg til å drive hotell og kasino har den gripne mannen eigarinteresser i fleire andre store verksemder på Malta.

SISTE NYTT

Siste nytt