Hopp til innhold

– Terror-sprengstoff brukt i attentat på Malta

Kjelder i politiet på Malta seier at det truleg vart brukt Semtex-sprengstoff i attentatet mot journalisten Daphne Caruana Galizia måndag. Dette sprengstoffet blir ofte brukt av terrororganisasjonar og er ikkje brukt på Malta tidlegare.

Demonstrasjon i Valletta.

Det har vore store demonstrasjonar på Malta etter drapet på Daphne Caruana Galizia. Her frå ein protest utanfor rettsbygningen i hovudstaden Valletta i går.

Foto: Matthew Mirabelli / AFP

Det er framleis uklart om bomba som tok livet av den kjende undersøkande journalisten , var plassert i bilen eller om sprengstoffet vart detonert på bakken.

Drapet har vekt sterke reaksjonar både på Malta og i EU. Opposisjonsleiaren Adrian Delia krev at både statsministeren, justisministeren og sjefen for politiet trekkjer seg som følgje av det som har skjedd. Ingen er arrestert, men statsministeren har bede om hjelp frå blant andre FBI.

– Alt har ein pris

Adrian Delia, opposisjonsleiar på Malta.

Opposisjonsleiaren Adrian Delia krev at statsministeren, justisministeren og politisjefen må gå av som følgje av drapet på Daphne Caruana Galizia.

Foto: Darrin Zammit Lupi / Reuters

Opposisjonsleiaren sparte ikkje på konfekten då han uttalte seg i parlamentet i går ettermiddag. Han sa blant anna at dei offentlege institusjonane i landet var i ferd med å kollapse, og at det var regjeringa sin feil.

– Alt i dette land har ein pris, men eg kan forsikre dykk om at opposisjonen ikkje let seg kjøpe. Nokon må betale ein pris for drapet på Daphne Caruana Galizia, sa Adrian Delia i parlamentet i går.

Han sa også at Caruana Galizia hadde takka nei til politivakter fordi ho ikkje stolte på politiet. Han la til at dei likevel burde ha passa på henne, fordi det var politiet si plikt.

Statsminister Joseph Muscat frå Labour kritiserte opposisjonsleiaren fordi han i staden for å arbeide for nasjonal samling i denne kritiske perioden for Malta, kom med skuldingar utan basis i det verkelege livet.

– Rettstryggleik under press

Avisforside dagen etter drap på Malta.

Den svarte måndagen, står det med store bokstavar på framsida til Times of Malta.

Foto: Rene Rossignaud / AP

Både Delia og Muscat har vore utsette for den skarpe pennen til Daphne Caruana Galizia. Takka vere hennar avsløringar var Muscat den einaste sitjande statsministeren som var nemnd i dei såkalla Panama-avsløringane. Ho avslørte blant anna at kona hans hadde hemmelege forretningsinteresser i Panama.

Attentatet på Malta er også møtt med sjokk og vantru i utlandet. Den britiske avisa Financial Times kalla drapet for eit direkte angrep på dei grunnleggjande verdiane som EU er tufta på, ytringsfridomen og rettsstaten.

– Rettstryggleiken er under press. Det har vore fleire andre bombeangrep dei siste månadene. No må styresmaktene sørgje for at dei skuldige blir straffa, heiter det blant anna i ein leiarartikkel i FT.

Avisa skriv også at Malta lenge har gjort det enkelt for utanlandske selskap å etablere seg der med stråselskap, som har fått gunstige skattevilkår. Svært mange internasjonale spelselskap har etablert seg på Malta.

Daphne Caruena Galizia drepen i bombeattentat.

Daphne Caruena Galizia vart drepen i eit bombeangrep mot bilen hennar måndag ettermiddag.

Statsborgarskap til sals

Trass i kritikk frå Brussel har også Malta halde fram med å selje statsborgarskap til rike utlendingar, for det meste frå Asia, som på denne måten får innpass i EU. Ifølgje avisa The Guardian kjøpte over 900 utlendingar seg maltesisk statsborgarskap for 650.000 euro pr. person.

Det er over seks millionar norske kroner. Ifølgje avisa utgjer dette rundt 16 prosent av inntektene på statsbudsjettet.

Den italienske mafiaen har også gjort sitt inntog på Malta. Ifølgje Guardian gjennomførte den kalabriske 'Ndrangheta-mafiaen ein gigantisk kvitvaskingsoperasjon av to milliardar euro gjennom internettbaserte spelselskap på øya.

SISTE NYTT

Siste nytt