Hopp til innhold

Støttepakkar til Ukraina: Vil dei kome fram?

Ukraina har blitt lova mange milliardar av EU og USA. No er dei forseinka. Ekspertane er ikkje sikre på om dei vil kome fram.

rZcVnmqi9Ck

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj var fredag ved gravene til ukrainske soldatar ved Lychakiv kyrkjegarden i Lviv.

Foto: "AFP PHOTO / UKRAINIAN PRESIDENTIAL PRESS SERVICE / AFP

Då Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj vitja Oslo og Noreg for første gong på onsdag, sa statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg vil halde fram å stå bak det ukrainske folk.

I USA og EU er ikkje politikarane like samstemte.

Torsdag utsette senatet i USA juleferien sin for å kome i hamn med ein ny støttepakke til Ukraina på rundt 523 milliardar kroner.

Fredag blokkerte Ungarn EU sin nye støttepakke til Ukraina på rundt 577 milliardar kroner.

To «julegåver» på over tusen milliardar kroner til saman er altså forseinka.

Les også Volodymyr Zelenskyj er i Oslo: – Vil personlig takke Norge for støtten

7IrvNgdBbj8

Ikkje sikkert at støttepakkane kjem

Står vi føre eit potensielt vendepunkt i krigen i Ukraina?

Det kan sjå slik ut, svarte Russlandforsker Julie Wilhelmsen då vi intervjua henne tysdag i førre veke.

Ho understrekar at det vanskeleg å vurdere.

– Men så vidt eg kan forstå no, så er vi ved eit kritisk punkt, seier Wilhelmsen.

Ho er ikkje sikker på om støttepakkane kjem fram til Ukraina.

– Det er eit politisk val og det er noko av grunnen til at denne pengestøtta og militærstøtta kanskje ikkje kjem, seier Wilhelmsen

Konflikt og folkerettsforskar Cecilie Hellestveit er heller ikkje sikker på om støttepakkane kjem fram.

– Eg veit ikkje. Det kjem an på kor godt politisk handverk som blir gjort, seier Hellestveit.

– Kor lenge kan Ukraina vente på desse støttepakkane?

– Vi veit ikkje korleis det ser ut på innsida av dei ukrainske statsfinansane. Det er eit militært spørsmål, altså det er hemmeleg, seier Hellestveit.

Men Ukraina er avhengig av desse støttepakkane for å fortsette å krige?

– Det er dei, helt klart, svarar Hellestveit.

Russlandforsker Julie Wilhelmsen

Russlandforsker i NUPI Julie Wilhelmsen

Foto: Hanna Johre / NRK

Prioriterer innanrikspolitikk og andre konfliktar

Begge forskarane peiker på at innanrikspolitiske utfordringar i større grad blir vege opp mot det å støtte Ukraina økonomisk og militært no, enn då Russland invaderte i februar i fjor.

– Vestlege land begynner å innstille seg på at krigen kan vare i mange år, og då vil gjevarlandskapet sjå heilt annleis ut, seier Hellestveit.

Men kva interne utfordringar er det som påverkar evna deira til å levere støtte?

USA er i valmodus, medan EU er i ein sentraliseringskamp som ikkje handlar om Ukraina, men som skaper mykje uro, seier Hellestveit.

Cecilie Hellestveit

Konflikt og folkerettsforskar Cecilie Hellestveit

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Den europeiske økonomien er heller ikkje i god stand om dagen.

– Her er det risiko for ganske lav vekst, seier Hellestveit.

USAs president Joe Biden har også store utfordringar med sin hjelpepakke, men på andre måtar enn leiarane i EU.

I september vart det gjort over 200.000 arrestasjonar for ulovleg grensekryssing mellom USA og Mexico. Det er det nest høgaste talet som nokon gong har blitt registrert på ein månad, skriv Associated Press.

Republikanarane brukar behovet for Ukraina-støtta som eit forhandlingskort for å få strengare grensekontroll mellom landa.

– USA er i eit valår. Det gjev nokon spesielle rammer for kva den amerikanske administrasjonen har anledning til å støtte. Også fordi Ukraina-krigen i enkelte segment blir sett på som underordna. Noko europearane bør ta ansvar for, seier Hellestveit.

I fleire EU-land fører frykta for ukrainsk konkurranse til større og større motsetningar, fortel Hellestveit.

I Polen blokkerer for eksempel bønder og lastebilsjåførar no ein grenseovergang, for å presse sine folkevalde til å hindre import av billig ukrainsk korn og konkurranse frå ukrainske transportselskap, skriv Politico.

– Når ein ser på ukrainsk økonomi som ein trussel mot ein eigen industri i heimlandet, påverkar det også gjevarviljen i europeiske land, seier Hellestveit.

– Verken EU eller USA har råd til, altså i betydninga kan prioritere, ein krig i Ukraina som blir eit pengesluk i uoverstigeleg framtid. I EU vil økonomien truleg ikkje tole det, medan USA har ei mykje større verd å forvalte, seier ho.

Les også Frykter Orbán skal sabotere støtte til Ukraina

SPENNING. Ukrainas president Volodymyr Zelensky håndhilser på Ungarns statsminister Viktor Orban i Spania 5. oktober 2023. Nå stikker Ungarns statsminister kjepper i hjulene til Ukraina hva gjelder EU-medlemskap og budsjettstøtte.

Israel og Palestina tar merksemd frå Ukraina

Begge forskarane peiker på at krigen i Midtausten krev pengar og merksemd, som elles ville gått til Ukraina.

– Det er eit faktum at krigen i Midtausten og usikkerheita rundt fare for eskalering, andre typar konfliktar andre stader, gjer at både merksemda, men også viljen til å fokusere så tungt på Ukraina er i ferd med å endre seg, seier Hellestveit.

– USA har gått veldig høgt ut, ved å både seie at dei skal støtte Ukraina «as long as it takes» og at denne krigen står om alle dei vestlege demokratia, vår alles fridom. Men det er ikkje sikkert dette blir følgt opp, seier Wilhelmsen.

Les også Frykter at fronten kan bryte sammen i Ukraina

Gennadi Roubailo - vinterbilde

– Ingen tvil om at vinteren blir tøff

På spørsmål om korleis ho ser for seg dei neste månadene i Ukraina, svarar Russland-forskaren at det er vanskeleg å vite. Ukrainske styresmakter slepp ikkje ut så mykje informasjon om stoda.

– Men det er ein del rapportar som peikar mot at det kan bli riktig ille, seier Wilhelmsen.

NRK skreiv nyleg om svært høge tapstal på russisk side.

Verken russiske eller ukrainske styresmakter deler eigne tapstal i krigen. Men i tillegg til utfordringane rundt utsetjinga av den økonomiske støtta frå USA og EU, og behovet for militær støtte til Ukraina, seier Wilhelmsen at det også «truleg har vore veldig høge tapstal på ukrainsk side» i det siste.

– Og Ukraina har under ein tredjedel så mange menneske å ta av som Russland, seier Wilhelmsen.

Den ukrainske staten slit også med svak økonomi, fortel ho.

– Nokon seier til og med at Ukraina kan stå føre ein slags statleg økonomisk kollaps, seier Wilhelmsen.

–Om dei skal klare å drive staten vidare i ein krigssituasjon, er dei avhengige av å kunne betale legar, lærarar og så vidare. I tillegg er det sannsynleg at det kjem nye russiske angrep mot ukrainsk infrastruktur, slik vi såg i fjor vinter, som kan ramme straumforsyningar og alt det ein trenger for å overleve vinteren.

– Så det er ein tøff vinter ukrainarane går i møte, det er ikkje nokon tvil om det, seier Wilhelmsen.

Les også Meiner Nord-Korea matar den russiske krigsmaskina: – Det er eitt kappløp

Putin og Kim ser på kvarandre og smiler. Tek kvarandre i handa.

SISTE NYTT

Siste nytt