CIA-sjefen George Tenet prøver å få i gang att tryggingssamarbeidet mellom Israel og palestinarane.
Den israelske regjeringskjelda opplyser at ein amerikanske tenestemann blir til stades. Det er uklart om CIA-sjefen George Tenet skal vere med på møtet. Meldinga er ikkje offisielt stadfesta korkje på israelsk eller palestinsk side.
Tenet hadde i kveld eit to timar langt møte med den palestinske presidenten Yasir Arafat, etter at han tidlegare i dag møtte Israels statsminister Ariel Sharon. Møtet med Arafat var stengt for pressa, men det var venta at Tenant ville leggje fram ein del israelske krav.
I kveld blir det også meldt at Israels utanriksminister Shomon Peres og hans palestinske motpart, Nabil Shaath, skal delta på EUs toppmøte i Luxenbourg komande veke.
Det er ikkje planar om direkte møte mellom dei to under toppmøtet, men ein representant for EU seier at eit direkte møte mellom Peres og Shaath ikkje er utelukka.
Gøran Persson reiser til Midtausten denne helga.
EUs utanrikskoordinator, Sveriges statsminister Gøran Persson, som representerer formannskapet i EU, reiser til Midtausten denne helga for å møte israelske og palestinske leiarar. Dei møter Israels statsminister Ariel Sharon i Jerusalem, den palestinske presidenten Yasir Arafat i Ramallah og Egypts president Hosni Mubarak i Kairo.
Den nye amerikanske spesialutsendinga til Midtausten, William Burns, er venta til Midtausten i løpet av morgondagen.
Det intense internasjonale diplomatiet har som mål å hindre at den skjøre våpenkvila mellom partane skal bryte saman.
I kveld døydde ein medlem av Yasir Arafat sin Fatah-fraksjon, Ashraf Bardaweil (27), av skadane han fekk i ein eksplosjon på Vestbreidda tysdag.
Palestinarane seier at han vart utsett for eit israelsk angrep, men den israelske hæren nektar for å ha noko med det å gjere.