Den nye regjeringa består av Sharons Likud-parti, Arbeidarpartiet og eit lite ultraortodoks religiøst parti. Regjeringa er sett saman for å gjennomføre planen om israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa.
Ariel Sharons nye regjering vart i kveld godkjend i Knesset. (Foto: AFP/Scanpix)
58 representantar i Knesset støtta den nye regjeringa, medan 56 røysta imot. Seks representantar avstod frå å røyste. 12 medlemer av Sharons eige Likud-parti røysta mot den nye regjeringa.
Eit lite ultraortodoks religiøst parti, United Torah Judaism, sikrar Likud og Arbeidarpartiet fleirtal for regjeringa i Knesset.
Arbeidarparti-leiaren Shimon Peres blir ny utanriksminister i den nye regjeringa.
Samstundes med godkjenninga i Knesset seier den nyvalde palestinske presidenten Mahmoud Abbas, også kjend som Abu Masen, at han tilbyr ei forsonande hand til Israel.
- Vi tilbyr ei forsonande hand til naboane våre, og vi håpar på at svaret vil bli positivt, sa Mahmoud Abbas under ei mottaking for utanlandske valobservatørar i Ramallah.
Abbas gjentok at han kjenner seg forplikta til det internasjonale vegkartet for fred, som skal føre til ein sjølvstendig palestinsk stat side om side med eit trygt Israel.
- Vi kjenner oss forplikta til fredsprosessen basert på vegkartet, sa han.