Normal

Israelsk tenestemann stadfestar våpenkvile

Ein israelsk tenestemann stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at landet har godteke eit våpenkvileforslag med Hamas og andre militante palestinske grupper, som Egypt har forhandla fram.

Hamas feirar våpenkvila som ein siger.

Hamas feirar i kveld våpenkvileavtalen med Israel som ein stor siger.

Foto: MOHAMMED SALEM / Reuters

Den høgtståande israelske tenestemannen seier at Israel har godteke avtalen om ei ikkje-tidsavgrensa våpenkvile, og at landet godtok dette prinsippet alt 15. juli.

Angrep mot bygning i Gaza by.

Den høgste bygningen i Gaza by vart øydelagt i eit israelsk angrep i dag. Bebuarane vart varsla på førehand slik at alle kom seg ut.

Foto: MAHMUD HAMS / Afp

Like etter klokka 18 kom det melding om at luftvernsirenene som varslar rakettangrep hadde gått av i det sørlege Israel, men det er ikkje meldt om nedslag.

Den israelske hæren undersøkjer no om palestinske rakettar har slått ned i Israel etter at våpenkvila skulle ha vore effektiv. Klokka 22 var det enno ikkje meldt om rakettnedslag.

Humanitær hjelp

Det statlege egyptiske nyheitsbyrået melde i ettermiddag at ein våpenkvileavtale mellom Israel og Hamas og andre militante palestinske grupper, skulle starte klokka 18 i kveld norsk tid. I ei fråsegn frå egyptisk UD heiter det at Israel har gått med på å opne grenseovergangar mellom Israel og Gazastripa for humanitær hjelp og byggjemateriale.

Avtalen inneber også at fiskarar frå Gazastripa kan gå opp til seks nautiske mil frå kysten med båtane sine.

Det ligg også i avtalen, ifølgje fråsegna frå egyptisk UD, at indirekte samtalar mellom Israel og palestinske grupper skal starte i løpet av ein månad frå starten på våpenkvila.

Samstundes stadfestar den palestinske presidenten Mahmoud Abbas i ein fjernsynstale frå Ramallah på Vestbreidda at det er inngått ein langvarig våpenkvile

– Støttar avtalen

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas.

President Mahmoud Abbas har kunngjort at det er inngått avtale om våpenkvile mellom Israel og fleire militante palestinske grupper.

Foto: Jon Gelius / NRK

– Eg vil kunngjere at det palestinske leiarskapet støttar våpenkvileavtalen som Egypt har forhandla fram, som skal få slutt på sju veker med krigshandlingar på Gazastripa, sa Abbas blant anna i talen sin.

Ein time før våpenkvila starta vart to israelske menn drepne i eit granatangrep frå Gazastripa. To andre var alvorleg såra i angrepet, som ramma ein kibbutz nær grensa til Gazastripa.

I Gaza by strøymde fleire tusen menneske ut i gatene for å feire like etter klokka 18 norsk tid. Også fleire væpna menn deltok i feiringa, og dei skaut i lufta med våpena sine.

– Svært positivt

Utanriksminister Børge Brende (H) seier i ein kommentar at det er svært positivt dersom denne våpenkvila kjem på plass.

Utenriksminister Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende håpar at våpenkvileavtalen kan Midtausten-forhandlingane på sporet igjen.

Foto: Per Onsheim / NRK

– Det har vore konstruktive samtalar mellom Israel og Palestina dei siste dagane, men det er mange politiske element som må på plass. USAs utanriksminister John Kerry har engasjert seg, det har også president Sisi i Egypt og Mahmoud Abbas og Benjamin Netanyahu, seier Brende til NRK.

Han meiner det er viktig at denne avtalen no blir starten på ein politisk prosess om stengingsregimet i Gaza, og korleis ein kan hindre ein slik konflikt seinare. Han håpar også at avtalen kan føre til at Midtausten-forhandlingane som John Kerry har leidd det siste halvanna året, igjen blir tekne opp igjen.

Brende meiner det er grunn til å rose Egypt for å ha forhandla fram avtalen.

– Det er no heilt avgjerande at alle sluttar opp om avtalen og ikkje startar nye valdshandlingar, seier han.

Også amerikanske styresmakter har ynskt våpenkvila velkomen, og i ei fråsegn frå amerikansk UD blir begge partar oppmoda om å halde sine forpliktingar.

50 dagar med krig

Forhandlingane om ei meir permanent våpenkvile braut saman 19. august etter ni dagar med fleire kortvarige våpenkvileavtalar. Kamphandlingane starta for fullt igjen same dagen og har halde på sidan.

Israel sette i verk ein offensiv på Gazastripa 8. juli i år, etter kraftige rakettangrep mot landet frå Gazastripa. Minst 2100 palestinarar og 68 israelarar er drepne i den sju veker lange konflikten.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Midtøsten og Drapsrevy i K-rådet

LES OGSÅ: Abbas: Egypt inviterer til nye forhandlinger

LES OGSÅ: Informanter henrettet av Hamas

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt