Hopp til innhold

Israel har angripe Libanon med jagarfly

Israelske jagarfly har onsdag gjennomført ei rekke angrep mot Libanon. Det opplyser forsvaret i Israel. Angrepet skjedde etter eit rakettangrep frå Sør-Libanon tidlegare på dagen.

Israelsk helikopter står på bakken. En såret mann på båre blir løftet inn mens soldater står og passer på.

Skadde blir evakuert frå byen Safed i Israel etter at fleire sivile blei drepne i angrep frå Sør-Libanon onsdag.

Foto: Gil Eliyahu / AP

Det har vore spent på grensa mellom Israel og Libanon heilt sidan krigen i Gaza starta. Hizbollah og israelske soldatar har skote på kvarandre over grensa, utan å krysse grensa med soldatar.

Når Israel no har gått til angrep med jagarfly, aukar det faren for krig mellom dei to landa, skriv nyheitsbyrået AFP.

Det israelske forsvaret har førebels ikkje kome med detaljar om luftangrepet, medan libanesiske medium melder at tre landsbyar er trefte.

Fleire nyheitsbyrå melder at minst fire sivile er drepne, blant dei to barn. I tillegg er minst ti skadde i angrepa.

Luftangrepet skjer kort tid etter eit angrep mot Nord-Israel, der ein israelsk soldat og ei kvinne blei drepne og minst åtte andre blei såra. Ingen har så langt teke på seg skulda for angrepet, melder Al Jazeera.

Krater etter rakett avfyrt fra Sør-Libanon mot byen Safed i Israel

Ein av rakettane som blei fyrte av frå Sør-Libanon trefte rett ved sjukehuset i den israelske byen Safed.

Foto: JALAA MAREY / AFP

Held fram til det blir våpenkvile i Gaza

Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah sa tysdag at dei ville slutte å skyte når angrepa i Gaza stoppar og det er gått inn ein våpenkvile mellom Hamas og Israel.

– Dersom Israel trappar opp konfrontasjonen, vil vi gjere det same, sa Nasrallah i ein tale som blei sendt på TV.

Hizbollah-leder Hassan Nasrallah holder TV.tale

Tysdag heldt Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah ein TV-sendt tale.

Foto: Hussein Malla / AP

Sidan krigen mellom Hamas og Israel starta i oktober er minst 243 menneske drepne i Libanon, dei fleste Hizbollah-soldatar, men også 30 sivile, ifølge AFP.

I Israel har ni soldatar og seks sivile mista livet i angrepa, ifølge offisielle tal frå Israel.

Les også Omar og fleire titusen flyktar frå Sør-Libanon

Omar med fjella i Kfar Chouba Sør-Libanon i bakgrunnen

Evakuerer sjukehus i Gaza

Onsdag kjem det også meldingar om israelske luftangrep fleire stader i Gaza, blant anna i byen Khan Younis, melder Al Jazeera.

Tidlegare på dagen melde kanalen at palestinarar som har søkt ly i det største sjukehuset i byen, hadde begynt å forlate sjukehuset. Mange av dei som er samla her, har flykta frå kampane lenger nord i Gaza.

Israels forsvar beordra evakuering av sjukehuset og omringa området i førre månad.

Mennesker flykter fra byen Khan Younis i Gaza

Palestinarar har flykta frå Khan Younis dei siste vekene etter at det israelske forsvaret oppmoda til evakuering før ein planlagd bakkeoffensiv. Biletet er frå slutten av januar.

Foto: Fatima Shbair / AP

Forsvaret seier dei har opna sikre ruter som skal gjere det trygt for sivile å forlate sjukehuset, medan helsepersonell og pasientar blir igjen inne, skriv Times of Israel.

Khan Younis og Rafah, på grensa til Egypt, skal vere hovudmåla til ein varsla bakkeoffensiv frå Israel.

Planane har møtt sterke internasjonale reaksjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.