Israel får behalde ulovlege busettingar i ny fredsplan

FNs sikkerheitsråd har tidlegare slått fast at det er i strid med folkeretten. Trump har kalla det «århundrets avtale». Palestina avviser fredsplanen.

SJÅ: Donald Trump presenterer den nye planen for Midtausten.

Då den amerikanske presidenten presenterte planen for fred mellom Israel og Palestina, sa han at Israel tek store steg mot fred, og at palestinarar fortener moglegheita til eit mykje betre liv.

Trump seier at Jerusalem vil halde fram som hovudstaden i Israel, og at palestinarane får etablere ein hovudstad aust i Jerusalem.

Israel får behalde ulovlege busettingar

I den nye planen får Israel behalde dei ulovlege busettingane i dei okkuperte palestinske områda på Vestbreidda.

FNs sikkerheitsråd har tidlegare slått fast at busettingane er ulovlege og i strid med folkeretten. Dei har også kravd full tilbaketrekking. Planen går med andre ord imot sikkerheitsrådet sine resolusjonar.

Nærare 800.000 israelarar er busette i området.

I ein overgangsperiode på fire år, får ikkje Israel etablere nye busettingar i dette området, men vil kunne bygge fleire bueiningar i dei som allereie eksisterer.

Har kontakta den palestinske leiaren

I den nye planen, føreslår Trump etablering av ein palestinsk pariastat, som vil vere demilitarisert og utan kontroll over eigne luftrom og eigne grenser, og med avgrensa kontroll over vassressursane.

Trump seier han har sendt den palestinske leiaren Abbas eit brev, og at han ber palestinarane velje fred.

– Viss du bestemmer du vil ha fred, vil USA og andre land vere der kvart steg på vegen for å hjelpe til, sa han.

Palestinske styresmakter har ikkje vore involverte i arbeidet med den nye planen, og har tidlegare avvist planen heilt.

Trump og Netanyahu

HISTORISK: Den israelske statsministeren seier det er ein historisk dag, etter dei presenterte ein ny fredsplan for Midtausten.

Foto: Alex Brandon / AP

Den palestinske presidenten seier tysdag kveld at fredsplanen ikkje vil lukkast, melder AFP.

– Etter det tøvet vi har høyrt i dag, seier vi «tusen nei» til «århundrets avtale», seier Abbas.

Ikkje alle samde i at planen er bra

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier han no håpar at palestinarar og andre naboland vil omfamne den nye planen.

– Dette er ein realistisk veg til fred, sa Netanyahu.

Det er derimot ikkje alle som er fornøgde med planen. Tusenvis av palestinarar har demonstrert på Gazastripa i protest mot den nye fredsplanen tysdag. Dei har blant anna brent amerikanske flagg og bilete av Trump.

Rådgjevaren til den iranske presidenten, Hesameddin Ashena, kallar den nye planen «einsidig» på Twitter, ifølgje Reuters.

– Dette er ein avtale mellom Israel og USA. Interaksjon med palestinarar er ikkje på agendaen deira, skriv han.

Israel US

PROTEST: Palestinarar har tysdag demonstrert mot den venta fredsplanen.

Foto: Mahmoud Illean / AP

Norske reaksjonar på planen

Sosialistisk venstreparti seier dei fordømmer planen.

– Noreg må ta skarp avstand frå Trumps okkupasjonsplan for Palestina, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han legg til at dette ikkje er ein fredsplan, men ei endeleg konsolidering og anerkjenning av ein ulovleg okkupasjon.

Framstegspartiet har også reaksjon på den nye planen til Trump.

Spørretimen på Stortinget onsdag

AVTALEN: Utanrikspolitisk talsmann for Frp seier at avtalen ikkje naudsynt er så dårleg.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Avtalen er faktisk ikkje så negativ for palestinarane dersom dei verkeleg ønsker FRED, og ikkje evigvarande kamp mot Israels eksistens. Det skriv utanrikspolitisk talsmann for Frp, Christian Tybring-Gjedde i ein kommentar til NRK.

– Interessant å registrere at dei palestinske sjølvstyresmaktene ikkje ein gong tok seg bryet med å delta i diskusjonane mellom USA og Israel, skriv han også.

Palestinarane har vore klare på at dei ikkje vil ha noko med USA å gjere etter at Trump i 2017 anerkjente Jerusalem som Israels hovudstad.

Landa i Den arabiske liga møtast laurdag for å diskutere planen, på oppfordring frå palestinske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt