Hopp til innhold

FN fryktar katastrofe sør i Gaza

FN fryktar kvinner og barn vil blir drepne dersom Israel trappar opp angrep mot grensebyen Rafah sør på Gazastripa.

VARSLA BAKKEINVASJON: Ein gutunge leikar med drage i ein teltleir i Rafah nær grensa til Egypt. Det er her Israels statsminister Benjamin Netanyahu har varsla ein bakkeoperasjon.

VARSLA BAKKEINVASJON: Ein gutunge leikar med drage i ein teltleir i Rafah nær grensa til Egypt. Det er her Israels statsminister Benjamin Netanyahu har varsla bakkeoperasjon.

Foto: Reuters

Eit stort militært angrep mot Rafah vil vere «forferdeleg».

Det seier FNs menneskerettssjef Volker Türk om dei varsla israelske angrepa mot Rafah, på grensa til Egypt.

Han seiar 1,5 millionar palestinarar er stua saman ved den egyptiske grensa og at det blant dei er eit «ekstremt høgt antal sivile», som truleg vil bli drepne og skadd.

Over 1,2 millionar palestinarar har flykta til den vesle byen ved grensa til Egypt for å unngå israelske angrep lenger nord i Gaza. Palestinarane bur i telt i provisoriske flyktningleirar. Mange har flykta fleire gonger.

Byen, som før hadde rundt 280.000 innbyggarar, husar no 1,5 millionar palestinarar. Dei fleste er internt fordrive på flukt frå bombene.

Familiar i Rafah sør på Gazastripa på flukt igjen.

Familiar i Rafah sør på Gazastripa på flukt.

Foto: AFP

Israel ber FN om hjelp

Ein talsperson for israelske styresmakter ber FN om hjelp til å evakuere sivile frå krigsområda i Gaza, melder Reuters.

– Vi oppfordrar FN til å samarbeide. Ikkje sei at det ikkje kan gjerast. Samarbeid med oss for å finne ein måte, sa talsperson Eylon Levy i eit møte med pressa.

FN har i fleire veker skulda Israel for å avgrense deira bistand på den tettfolka stripa.

Fredag førre veke skulda FN Israel for å hindre matleveransar til 1,1 millionar palestinarar då UNRWA-direktør Philippe Lazzarini informerte at ei last med mat donert av Tyrkia har stått fast i vekevis i den israelske hamnebyen Ashdod.

Philippe Lazzarini

Philippe Lazzarini, sjefen for FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) dei arbeider under vanskelege forhold.

Foto: Said Khatib / AFP

– Det er djup panikk og frykt for det som skjer i Rafah, seier Lazzarini på ein pressekonferanse samen med EUs Josep Borrell.

– Eg veit ikkje om ein trygg plass på Gazastripa. Kvar skal dei evakuere? Eg veit ikkje, legg Lazzarini til.

Han seier organisasjonen arbeider under vanskelege forhold på Gaza no. UNRWA slit allereie med finansieringa etter at mange land har trekt støtta til organisasjonen etter skuldingar om tilsette tok del i terroråtaket 7. oktober.

– Å kutte støtte til UNRWA vil bety ei stor humanitær katastrofe i Gaza, og det må ein unngå, seier Borrell.

Les også To gisler befridde i israelsk operasjon i Rafah

Gisla, Louis Har (til venstre) og Fernando Simon Marman (i midten) i en gruppeklem med familie etter at de skal ha blitt henta ut av Gaza av israelske soldatar.

Vekker bekymring

Storbritannia sin utanriksminister Lord Cameron seier han er «svært bekymra» over situasjonen i Rafah og ber Israel om å stoppe opp og tenke seg om før dei trappar opp den militære aktiviteten i Rafah, melder AFP.

– Framfor alt ynskjer vi ein umiddelbar pause i kampane, og at den pausen skal lede til ei våpenkvile, sa den britiske utanriksministeren.

Måndag sanksjonerer Storbritannia fire israelske busettarar grunna «aggresjonshandlingar mot palestinarar på Vestbredden».

USA har allereie innført sanksjonar mot fleire israelske busettarar som er skulda for vald mot palestinarar i regionen. Sanksjonane inneber blant anna reise- og visumforbod.

Japan seier også at dei er djupt bekymra over Israel sine militære handlingar i Rafah.

Benjamin Netanyahu sa måndag at Israel vil gjere alt for å lauslate dei resterande gislane og at det militære presset vil halde fram heilt til Hamas er overvunne.

– Berre militært press og fullstendig siger vil resultere i lauslating av alle gislane, står det i ein utsegn frå Statsministeren sitt kontor.

Varsla bakkeinvasjon

Noreg, EU og ei rekke hjelpeorganisasjonar har åtvara om katastrofale følger dersom bakkeinvasjonen blir ein realitet.

USAs president Joe Biden i møte med Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Israel.

USAs president Joe Biden i møte med Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Israel på søndag.

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

Også USAs president Joe Biden har bede Netanyahu om å skjerme sivile.

Så seint som søndag åtvara Biden Netanyahu mot å gjennomføre ein militæroffensiv mot Rafah utan ein plan for å sikre sivilbefolkninga.

NBC News skriv at Biden er krass mot Netanyahu bak lukka dører og skal ha kalla han ein dritsekk gjentatte gonger.

SISTE NYTT

Siste nytt