Hopp til innhold

Islamistar fekk innfridd krava i Pakistan

Justisministeren i Pakistan går av etter fleire veker med demonstrasjonar. Årsaka: Profeten Muhammeds namn vart utelaten i den nye versjonen av ein eid som politikerarar må avlegge.

Pakistan Islamist Rally

FEKK ALLE KRAV INNFRIDD: Leiar for Tahreek-e-Labaik Tehreek-i-Labaik, Ya Rasool Allah, fekk innfridd alle krav. Her frå demonstrasjonen på laurdag.

Foto: Anjum Naveed / AP

Politiet prøvde først å fjerne demonstrantane på laurdag, men aksjonen tok ein valdeleg retning.

Sju personar vart drepne og 200 skadde.

Politiet måtte avbryte aksjonen da valden byrja spreie seg til andre Pakistanske byar.

PAKISTAN-UNREST-RELIGION-PROTEST

BLODBAD PÅ MOTORVEGEN: Ein demonstrant som har blitt slått av politiet på laurdag. Politiet måtte til slutt trekke seg attende, da uroa byrja spreie seg til fleire byar i Pakistan.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Det hjelpte heller ikkje at styremaktene sensurerte fjernsynet og sosiale medium som Youtube, Facebook, og Instagram.

Dei mektige generalane i Pakistan har no gripe inn og bedt partane om å besinne seg. Og regjeringa har gjeve etter for demonstrantane, som blir beskrivne som «hardline» islamistar av BBC.

Regjeringa gav etter for krava

– Våre krav er innfridde. Justisministeren har gått av, og vi vil avslutte protesten, sa talsmann for islamistrørsla Tahreek-e-Laibak, Ejasz Ashrafi, til Reuters.

Dette har vore hovudkravet til demonstrantane, som i tjue dagar har blokkert ein motorveg utanfor Islamabad.

Protestane har nesten paralysert den pakistanske hovudstaden, skriv Dawn.

PAKISTAN-POLITICS-PROTEST

BLOKADE PÅ MOTORVEGEN: Fleire islamistgrupper har blokkert ein motorveg utanfor Islamabad i vekevis.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Profeten utelaten i valeid

Bakgrunnen for protestane er ei ny lov, der ein har utelate å referere til Profeten Muhammed når politikarar blir tekne i eid.

Justisminister Zahid Hamid har beklaga dette, og seier det var ein saksbehandlingsfeil.

Men dette har ikkje vore nok for demonstrantane som har fått fleire krav innfridd:

  1. Justisministeren går av straks, så vil det ikkje bli utferda ein «Fatwa» mot han.
  2. Namna på dei som stod bak lovendringa vil bli offentleggjort, slik at ein kan sette i verk nødvendige tiltak.
  3. Alle demonstrantar som har blitt arresterte, vil bli sett fri.
  4. Ein vil granske politioperasjonen mot demonstrantane på laurdag.

SISTE NYTT

Siste nytt