NRK Meny
Normal

Islamistar med motdemonstrasjon i Kairo

Dei islamistiske støttespelarane til Egypts president Mohammad Morsi mobiliserer i gatene i Kairo i dag. Samstundes held demonstrasjonen mot presidenten fram på Tahrirplassen.

Islamistar marsjerer i Kairo.

Islamistane har mobilisert for president Morsi i Kairo i dag.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Fleire tusen islamistar har samla seg utanfor Universitetet i Kairo for å vise si støtte til president Morsi og det nye grunnlovsforslaget. Dei viftar med det grøne islamistflagget saman med det egyptiske flagget. Det har kome folk frå heile Egypt for å delta i demonstrasjonen i dag.

Held fram på Tahrirplassen

Islamistar demonstrerer i Kairo.

Fleire tusen islamistar deltek i støttemarkeringa for president Morsi i Kairo.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Samstundes held fleire tusen menneske frå den demokratiske opposisjonen fram protesten mot presidenten og den nye grunnlova på Tahrirplassen. Førebels har islamistane halde seg borte frå Tahrirplassen, men det er frykt for at det kan kome til samanstøytar.

I går demonstrerte over 200.000 menneske på Tahrirplassen med krav om at presidenten skal gå av, og at forslaget til ny grunnlov skal trekkjast tilbake.

Salafisten Mohamed Ibrahim, medlem av gruppa som har utarbeidd det nye grunnlovsforslaget, seier at dei sekulære har tapt kampen.

– Dei vil oppleve eit nederlag i dag, når dei egyptiske massane seier nei til det konspiratoriske mindretalet, nei til ei destruktiv retning og ja til stabilitet og sharia, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Støtte til Morsi

Eit av bannera i demonstrasjonen har teksten «Den muslimske brorskapen støttar avgjerdene til president Morsi». Banneret blir halde oppe av fire menn som taktfast ropar: «Folket ynskjer innføring av Guds lov».

Andre banner har tekstar som «Islam er på veg», «Ja til stabilitet» og «Nei til korrupsjon»

På Tahrirplassen lyd rop som dette: «Folket vil styrte regimet», eit rop som også gjalla i gatene i den egyptiske hovudstaden før dåverande president Hosni Mubarak vart tvungen til å gå av.

Støtte til opposisjonen

Internasjonalt kjende egyptarar, som tidlegare leiar i Den arabiske liga, Amr Moussa, og fredsprisvinnaren Mohammed al Baradei, støttar demonstrantane på Tahrirplassen.

Dei protesterer mot at Den muslimske brorskapen har kuppa gruppa som har utarbeidd den nye grunnlova, og dei skuldar Morsi for å vere på veg til å innføre eit religiøst diktatur i Egypt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt