Hopp til innhold

Utkasting av irske reisande stansa av domstol

Ein domstol har slått fast at 200 irske reisande, som har barrikadert seg i leiren sin i det søraustlege England, ikkje kan kastast ut av leiren i dag likevel.

- Vi kjem ikkje til å gi oss, seier innbyggjarane i leiren.

200 innbyggjarar nektar å forlate leiren i Basildon i Essex. No ventar dei på politiet.

Foto: Matt Dunham / Ap

Ein varebil er fundamentet for denne barrikaden i Dale Farm-leiren.

Ein varebil er fundamentet for denne barrikaden i Dale Farm-leiren.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Store politistyrkar står klare til å fjerne dei frå området, og det var venta at dei ville gå til aksjon i dag. No har altså ein domstol slått fast at dei ikkje kan kastast ut av leiren før saka er avgjort i Høgsterett. Det blir høyring i Høgsterett førstkomande fredag.

Lokale styresmakter i Basildon i Essex, 70 kilometer aust for London, har kjempa i ti år i rettsvesenet mot dei irske reisande for å få dei til å forlate den ulovleg oppsette leiren, den største leiren for irske reisande i Storbritannia. No hadde dei fått klarsignal til å fjerne dei frå området, men dette er endra av ein høgare rettsinstans.

Den lovlege delen av leiren er ikkje omfatta av evakueringsordren, det gjeld berre for den delen som er etablert ulovleg.

Sement-tønner og piggtråd

Dei 200 har blokkert hovudinngngen til leiren, bygd barrikadar og fylt bildekk og tønner med sement. Det er også brukt plankar og piggtråd for å verne barrikadane mot ordensmakta.

Ein talsmann for innbyggjarane i leiren seier dei ikkje har tenkt å overgi seg frivilllig.

Det er fleire born igjen i leiren.

Det er fleire born igjen i den ulovleg oppsette leiren.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Mange av dei som har budd i leiren har reist frå staden, men dei 200 som er igjen har fått støtte frå mange, blant dei den verdskjende skodespelaren Vanessa Redgrave.

Også andre politiske akvitistar har gitt si støtte til menneska som no skal kastast ut, og mange av dei har barrikadert seg i leiren.

LES OGSÅ: Bak murene til Green Acres

Manglar løyve

Dei reisande eig store delar av området der leiren er etablert, men konflikten med dei lokale styresmaktene går på at dei ikkje har fått formelt løyve til å byggje på jorda.

Striden gjeld 51 ulovlege bygningar, som i stor grad består av campingvogner og enkle hytter, der det inntil for få dagar sidan budde 400 menneske. No er det 200 igjen etter at mange har valt å følgje påbodet frå styresmaktene om å reise.

Politiet står klare til å rykkje inn leiren.

Politifolk står klare til å rykkje inn i den ulovleg oppsette leiren.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Kathleen McCarthy, talskvinne for innbyggjarane i Dale Farm-leiren, kom i dag med ei siste bønn for leiren.

- Bevare kulturen vår

- Dette vil øydeleggje livet til mange born og til eldre og sjue. Vi vil berre bevare kulturen vår, alle andre får lov til å halde på sin kultur, sa ho i eit kjensleladd intervju på BBC tidlegare i dag.

Ordføraren i Basildon, Tony Ball, sa i ettermiddag at han rekna med at politiet vil rykkje inn i leiren i løpet av dagen.

Aksjonen med å fjerne dei irske reisande frå området vil truleg koste rundt 70 millionar kroner, seier ein av representantane i kommunestyret, John Baron.

Innbyggjarane i Dale Farm-leiren skuldar styresmaktene for forsøk på etnisk reinsing.

Innbyggjarane i Dale Farm-leiren skuldar styresmaktene for etnisk reinsing.

Foto: CARL COURT / Afp
Innbyggjarane i leiren har bygd barrikadar.

200 menneske nektar å forlate leiren, og dei har bygd barrikadar for å hindre politiet å fjerne dei.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt