Hopp til innhold

Iran truar Trump med oljeblokade og «alle krigar si mor»

President i Iran, Hassan Rouhani, vurderer å hindre oljetankarar å passere Hormuzstredet om konflikten med USA eskalerer. Han truar også med «alle krigar si mor».

Hassan Rouhani

TRUSSEL: Under ein TV-overført tale truar Hassan Rouhani USA med krig.

Foto: AP

Rouhani er svært kritisk til at USA trakk seg ut av atomavtalen med Iran. Før den amerikanske utanriksministeren, Mike Pompeo, skulle tale søndag, åtvara han om at det kan bli aktuelt å stenge Hormuzstredet om USA «held fram å leike med løva sin hale».

Dette kjem som ein reaksjon på at USA har trua med å sanksjonere land som ikkje sluttar å kjøpe olje frå Iran innan 4. november. Om Rouhani gjer alvor av truslane, vil dette hindre fleire land i å eksportere olje gjennom Hormuzstredet i Persiabukta.

Rundt 20 prosent av verdas olje vert kvar dag frakta gjennom stredet.

Lovar å halde oljeeksporten i gang

Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike og Tyskland vart for to veker sidan samde om å hjelpe Iran med å halde olje- og gasseksporten i gang.

I eit håp om å redde atomavtalen, diskuterte utanriksministrane tiltak for hindre næringslivet i å avlyse inngåtte avtalar i Iran som følgje av moglege tiltak frå USA.

Truar med krig

Trass dette åtvara Rouhani i ein TV-overført tale i Teheran søndag at det i ytste konsekvens kan bli open konflikt med USA.

– Fred med Iran er all fred si mor. Ein krig med Iran ville vore alle krigar si mor, sa Rouhani.

I løpet av talen vende han seg til USAs president Donald Trump.

– Du erklærer krig, for så å hevde at du støttar det iranske folket. Du kan ikkje vende det iranske folket mot sine eigne interesser, sa Rouhani.

President Donald Trump kunngjorde 8. mai at USA trekker seg frå atomavtalen og landet innfører dermed sanksjonar mot Iran på nytt.

Iranarane vurderer å behalde avtalen dersom Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU kan sørge for at dei tener på å gi internasjonalt innsyn i Iran sitt atomprogram.

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt