Hopp til innhold

Iran med 10 nye atomanlegg

Iran lanserte i dag planar om 10 nye anlegg for oppriking av uran, og landet er på full kollisjonskurs med det internasjonale samfunnet.

Video nsps_upload_2009_11_29_18_36_0_174.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå innslaget frå engelskspråkleg iransk fjernsyn.

Det internasjonale atomenergibyrået IAEA vedtok med overveldande fleirtal før helga ein resolusjon som kravde at Iran straks må stanse med oppriking av uran.

Svaret frå president Mahmoud Ahmadinejad og den iranske regjeringa kom i dag. Det skal byggjast 10 nye anlegg for oppriking av uran, og det skal lagast planar for å opprike uran opp til ein reinleik på 20 prosent.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad besøker atomanlegget i Natanz

Irans president Mahmoud Ahmadinejad nektar å bøye av for krava frå IAEA.

Foto: HASAN SARBAKHSHIAN / AP

LES OGSÅ: – Tålmodigheten med Iran er tynnslitt

LES OGSÅ: – Vesten vil ikke gå med på Irans atomkrav

LES OGSÅ: IAEA venter fortsatt på svar fra Iran

Like store som Natanz

Dei nye anlegga skal vere like store som atomanlegget i Natanz.. Målet er å produsere 20.000 megawatt atomkraft, og styresmaktene meiner dei vil trenge 500.000 atomsentrifugar til å opprike uranen som trengst.

Satellittbilde av Natanz, hvor Iran anriker uran

Satellittbilete av det iranske atomanlegget i Natanz.

Foto: GeoEye/SIME / AP

IAEA tilbaud Iran tidlegare i haust ein avtale der landet fekk tilbod om oppriking av uran i utlandet, men Iran har aldri gitt eit skikkeleg svar på tilbodet. Men det har den siste tida kome stadig fleire signal om at dei ikkje godtek krava frå det internasjonale samfunnet.

Iranske atomvåpen

Det er stor frykt for at Iran er i ferd med å skaffe seg atomvåpen, sjølv om styresmaktene i den islamske republikken nektar for dette.

Fråsegna frå den iranske regjeringa i dag vil truleg føre til at USA og dei andre Vestmaktene vil prøve å få støtte frå Russland og Kina til å innføre strengare sanksjonar mot regimet i Iran.

Iran har sagt at dei er førebudde på dette, men at ingen kan ta frå dei retten til å opprike sin eigen uran på iransk jord.

Israelsk angrep

Det er frykt for at Israel, med eller utan støtte frå USA, kan kome til å gå til militært angrep på iranske atominstallasjonar for å prøve å hindre Iran i å utvikle atomvåpen.

Iran, som dei siste åra har utvikla langtrekkjande rakettar som kan nå Israel og amerikanske basar i Midtausten, kan svare med å sende rakettar mot Israel. Det er stor frykt for at dette kan utløyse ein storkrig i regionen.

Atomanrikningsanlegget i Qom, Iran

Atomopprikinganlegget i Qom i Iran.

Foto: DigitalGlobe / Scanpix/AP

SISTE NYTT

Siste nytt