FN-tenstemannen opplyser at irakarane lovar å øydeleggje både ferdige rakettar og rakettdelar som ikkje er sett saman.
- Tilbodet er lagt på bordet, men detaljane er enno ikkje avklarte, seier tenestemannen.
FN-korpset av våpeninspektørar i Irak, UNMOVIC, får no i oppdrag å finne ut nøyaktig kva det er irakarane tilbyr.
Frist
Sjefen for våpeninspektørane, Hans Blix, gav søndag Irak ein frist til 1. mars med å starte øydelegginga av rakettane.
Ein test FN-inspektørane gjorde tidlegare denne månaden viste at rakettane hadde lenger rekkjevidde enn det Irak har løyve til.
Rakettane skal ha ei rekkevidde som overstig dei 150 kilometerane som Tryggingsrådet har sett som grense.
Utan stridshovud
Irakiske styresmakter seier på si side at årsaka til at testen viste at dei kan gå lenger enn det som var oppgitt, er at testen blei gjort utan stridshovud og styringsmekanisme på rakettane.
Måndag gjorde Hans Blix det klart at han ikkje var interessert i å diskutere saka på nytt med Irak, og sa at han rekna med at Irak ville følgje pålegga frå FN.
Den irakiske handteringa av spørsmålet om al Samoud-rakettane blir sett som ein viktig prøve på om irakarane vil oppfylle krava om avvæpning frå Tryggingsrådet.