Hopp til innhold

Krass kritikk mot gjenåpning av australsk migrantleir i Indiahavet

Tre månadar før valet i Australia gjenåpnar regjeringa den omstridde interneringsleiren for migrantar på Juleøya i Indiahavet, opposisjonen reagerer.

Australia Asylum Seekers

Interneringsleiren for migrantar på Juleøya blei stengt i fjor.

Foto: AP

Det hardnar til i australsk politikk. Migrasjon og grensekontroll seglar opp til å bli eit avgjerande spørsmål i innspurten før parlamentsvalet i mai.

Statsminister Scott Morrison leiar ein sentrumhøgrekoalisjon som slit med oppslutninga før valet om tre månadar. Arbeidarpartiet med statsministerkandidat Bill Shorten leiar på dei siste meiningsmålingane.

Regjeringa leid «historisk tap»

Australia Asylum Seekers

Statsminister Scott Morrison kjempar for attval.

Foto: Rod McGuirk / AP

Statsministerens kunngjering om å gjenåpne interneringsleiren kjem berre timar etter at sentrumhøgrekoalisonen leid eit tap i parlamentet. Venstresida vann fram med eit lovforslag som tillèt migrantar som sit i mottakssenter utanfor fastlandet medisinsk behandling på fastlandet.

– Opposisjonen svekker grensene. Min jobb blir å gjere alt som står i mi makt for å sørge for at parlamentets vedtak ikkje resulterer i at nye båtar med migrantar når fastlandet, seier Morrison, ifølge avisa The Guardian.

Statsministeren seier opposisjonsleiar Bill Shorten må ta ansvaret dersom nye båtar med asylsøkarar no når fastlandet i Australia.

Australia Asylum Seekers

Arbeidarpartiets leiar Bill Shorten etter avstemminga i parlamentet.

Foto: Rod McGuirk / AP

– Latterleg vedtak

Juleøya ligg i Indiahavet mellom Indonesia og det australske fastlandet. Leiren på øya blei oppretta i 2008 og stengt i oktober i fjor.

På det meste var tusenvis av migrantar internerte her og det braut ut valdelege protestar då migrantar aksjonerte mot tilhøva i leiren.

Arbeidarpartiets skuggeinnanriksminister Shayne Neumann er ikkje nådig i sin omtale av regjeringas vedtak.

– Det latterlege vedtaket om å gjenopne interneringsleiren på Juleøya er eit hysterisk svar frå ein desperat og uærleg statsminister, seier Neumann.

Men statsminister Morrison seier Arbeidarpartiets leiar må ta ansvaret dersom nye migrantar no når det australske fastlandet.

– Fordi han har leia prosessen med å svekke grensene.

Juleøya

Sjeldan tap

Det er ikkje kvardagskost at regjeringa i Australia taper viktige lovforslag i parlamentet. The Guardian karakteriserer det som historisk, og meiner nederlaget i spørsmålet om medisinsk behandling av migrantar er det største sidan 1929. Den gongen kalla regjeringa inn til nyval.

Men statsminister Morrison har allereie slått fast at regjeringa ikkje vil gå av eller lyse ut nyval no.

Australia har vore leia av ein sentrumhøgrekoalisjon sidan 2013. Regjeringa kjempar ein hard kamp for å kome på offensiven før valet til våren.

Les også: Hundrevis av asylsøkere nekter å forlate leir på Papua Ny-Guinea

SISTE NYTT

Siste nytt