Hopp til innhold

Var sjølv Kennedy-paparazzi

Det er to bilete som har festa seg på netthinna frå novemberdagane i 1963.

John F. Kennedy Jr og LBJ

TO BILETE: Til venstre: Tre år gamle John F. Kennedy Jr. gjorde honnør ved farens kiste under gravferda i Washington. Til høyre: Lyndon B. Johnson avleggar presidenten inne på Air Force One om ettermiddagen 22. november 1963. Til høyre for LBJ står Jacqueline Kennedy, mens Johnsons kone, Lady Bird Johnson, står til venstre for ham.

Foto: Cecil Stoughton / AP

President John F. Kennedy og John Jr

President John F. Kennedy og den 18 månader gamle sonen John Jr i Det ovale kontor 25. mai 1962.

Foto: White House, Robert Knudsen, File / AP
John F. Kennedy Jr på "Us Weekly"

John F. Kennedy Jr i sensuell positur på framsida av 'US Weekly' 29. juni 2000, over eitt år etter sin død.

Foto: Reuters

Det eine biletet er teke om bord i Air Force One berre timar etter attentatet. Vi ser president Lyndon B Johnson vert teken i eid som president med Jackie Kennedy ved si side.

Det er blitt sagt at dette fotografiet er det beste beviset på kva som er ein visepresident si viktigaste oppgåve: Å vere i live dersom presidenten dør.

Det andre biletet er av John F. Kennedy Jr. Guten som fylte tre år tre dagar etter drapet på faren. Biletet av den vesle alvorlege guten som viser honnør ved pappas kiste kan ingen som har sett det gløyme.

Følgde vår generasjon sin Kennedy

Vi som var på alder med John F. Kennedy Jr, følgde med på hans liv opp gjennom åra. Han var vår generasjon sin Kennedy.

Alle venta at han skulle gå inn i politikken, men han valde sine eigne vegar. Han treivst ikkje i rampelyset, men som ein av dei mest ettertrakta unge mennene i USA kunne han sjølvsagt ikkje leva eit anonymt liv.

Då eg var korrespondent frå 1995–1999 var John F. Kennedy Jr. meir framme i søkelyset enn han hadde vore før. Han hadde etablert det politiske magasinet George og stilte derfor opp i diverse seriøse talkshow for å snakke om magasinet.

Eg hugsa spesielt eit intervju i studio med Larry King på CNN. King gjorde eit nummer av at Kennedy hadde kome til TV-kanalen med ryggsekk og kledd som ein «kven som helst».

Då eg såg intervjuet var eg imponert over kor sympatisk, naturleg og nede på jorda Kennedy var. Det skal sterk rygg til å takle ein slik bagasje som han fekk med i livet.

Paparazzi utan fotoapparat

Paparazziibilete av John F Kennedy Jr tatt på Manhattan viser også at han gjorde alt for å ikkje stikke seg ut, men prøvde å gli umerka inn i gatebiletet.

Eg må vedgå at eg sjølv opptredde som paparazzi ein fredagskveld våren 1998.

Kennedy hadde vore på ein stor middag i Washington med journalistar og politikarar og då eg såg han forlate middagen med sitt fylgje på tre- fire personar, gjekk eg etter.

Eg hadde ikkje fotoapparat og prøvde ikkje å ta kontakt, men synest det var stort å berre sjå han i levande live! Så eg gjekk etter fylgjet i eit par hundre meter. Også då la eg merke til den slentrande og naturlege stilen han hadde.

Artikkelen fortset under bilete

John F. Kennedy Jr På USA Weekend

Kort tid før sin død var John F. Kennedy Jr på framsida av USA Weekend, avbildet framfor Mount Rushmore.

Foto: USA Weekend / AP

Nok ein tragedie

Flagget på halv mast

22. juli 1999 var flagget igjen på halv mast i Kennedyenes sommerresidens i Hyannis Port. Denne gang for president Kennedys son, John F. Kennedy Jr.

Foto: Stan Honda / AP

Litt over eit år seinare, i juli 1999, var eg utsend til Kennedy-klanens sommarstad Hyannis Port fordi Kennedy Jr og kona Carolyn Bessette var sakna etter ein flytur.

Eit stort pressekorps venta medan det vart undersøkt kva som kunne ha skjedd med det unge paret.

Til slutt kom meldinga om at dei begge hadde omkomme då flyet styrta. Nok ein tragedie for Kennedy-familien.

I desse dagar er det 50 år sidan drapet på John F. Kennedy. Då eg tidlegare i haust var fire veker i USA var det JFK og kona Jackie som prega alle vekeblad-framsider.

Og ein av bestseljarane i USA no er boka Killing Kennedy. Ei bok eg kan tilrå alle å lese.

Fascinasjonen for Kennedy-klanen deler eg med mange.

SISTE NYTT

Siste nytt