Hopp til innhold

Hundretusenvis med mentale helseutfordringar lever i lenkjer

I rundt 60 land blir menneske med psykiske helseproblem lenkja fast eller sperra inne under kritikkverdige forhold, ifølgje Human Rights Watch.

Mann med fotlenker i Majene i Indonesia

FOTLENKJER: Denne mannen er sperra inne av familien i ei hytte i Majene i Indonesia. Mannen har mentale helseutfordringar og familien har ikkje klart å skaffe han helsehjelp. Bildet er tatt 1. oktober i år.

Foto: IRWAN ABDUL LATIF / AFP/NTB

Globalt blir hundretusenvis av menneske med mentale helseproblem lenkja fast, og dei lever under svært kritikkverdige forhold, viser ein ny rapport frå Human Rights Watch (HRW).

Rapporten avdekkjer at menn, kvinner og barn – heilt ned i tiårsalderen – blir lenkja fast eller stengt inne i avgrensa område i omkring 60 land på dei fleste kontinent i verda.

– Å lenkje fast menneske med mentale helseproblem er ein verdsomspennande brutal praksis som er ein open løyndom i mange land, åtvarar Kriti Sharma, HRWs fagspesialist innan rettar for funksjonshemma og forfattar av rapporten.

Stigma

Ifølgje Sharma ligg det ei systematisk utfordring i fleire land over heile verda, der helsevesenet er for dårleg og stigmaet rundt mental helse for stort.

– Menneske kan vere lenkja fast i fleire år til eit tre, stengt inne i eit bur eller eit skur fordi familiar strevar med å takle situasjonen, og styresmaktene mislykkast med å hjelpe til med adekvate psykiske helsetenester, forklarer Sharma.

Globalt er det estimert at 792 millionar menneske, altså kvart tiande menneske, slit med den mentale helsa si. Blant barn er talet éin av fem.

– Depresjon, som er den mest vanlege årsaka til uførheit, er rapportert å vere dobbelt så vanleg blant kvinner som blant menn, skriv HRW i rapporten.

Bilde fra forsiden på rapporten Living in Chains fra Human Rights Watch

Bilde frå framsida på rapporten «Living in Chains» frå Human Rights Watch

Foto: Human Rights Watch

Farleg stigma

Likevel viser undersøkingar som HRW har gjennomført, at styresmaktene bruker mindre enn 2 prosent av helsebudsjetta på mental helse.

Meir enn to tredelar av landa dekkjer ikkje psykiske helsetenester i det nasjonale helseforsikringssystemet.

Rundt 80 prosent av menneske som lever med funksjonshemmingar – inkludert dei med mentale funksjonshemmingar – lever i middel- eller låginntektsland der det er vanskeleg å få tilgang til helsetenester, spesielt mentale helsetenester, ifølgje HRW.

– I mangel av riktig type støtte til psykiske helsetenester og i mangel på forståing for temaet, opplever mange familiar at dei ikkje har noko anna val enn å lenkje fast sine næraste. Dei gjer dette ofte i frykt for at personen skal rømme eller skade seg sjølv eller andre, forklarer HRW i den nye rapporten.

Umenneskelege metodar

Eit tilbakevendande problem i fleire land er at mange vender seg til tradisjonelle eller religiøse sentrum for alternative helbredingsmetoder når ein ikkje får bistand frå styresmaktene.

Ifølgje HRW er det eit gjentakande mønster i desse institusjonane at menneske som lir av mentale sjukdommar må leve i kummerlege kår, ofte lenkja fast, eller dei opplever at dei blir straffa på andre måtar for ein psykisk tilstand dei sjølv ikkje rår over.

– Det er inga meining i at menneske skal leve slik. Eit menneske burde leve fritt, fortel Paul, ein kenyansk mann som har levd fanga i lenkjer i fem år i ein «trushelbredande» institusjon.

– Lenkjene er så tunge. Eg bur på eit lite rom med sju andre menn. Eg får berre lov til å kle meg i underbukse, og eg må gå på do i ei bøtte. Eg et havregraut til frukost, og om eg er heldig, finn eg brød ein og annan sjeldan kveld, seier Paul til HRW.

– Ansvaret til styresmaktene

For HRW ligg ansvaret og løysinga for eit betre liv for menneske som Paul, hos nasjonale styresmakter rundt omkring i verda.

– Det er forferdeleg at fleire hundretusenvis av menneske rundt omkring i verda må leve i lenkjer, isolert, misbrukte og einsame. Styresmaktene burde slutte å skyve dette problemet under teppet og ta tak i dette no, oppmodar Sharma.

LES OG:

SISTE NYTT

Siste nytt