Hopp til innhold

Hundre sakna etter bustadkollaps

Sju personar er så langt stadfesta omkomne etter at ei bustadblokk raste saman i Lagos. Hundre er framleis sakna.

An excavator operates at the site of a collapsed building in Ikoyi, Lagos

Redningsmannskap og frivillige leiter etter overlevande i ruinane.

Foto: Temilade Adelaja / Reuters

Ei høgblokk på 21 etasjar raste måndag saman på ein byggeplass i Nigerias største by, Lagos.

Seks er stadfesta omkomne, men det er frykta at det reelle talet er langt høgre.

Vitne seier at oppimot hundre personar er sakna etter kollapsen, skriv Reuters.

Skulle bli luksusleilegheiter

Bilde frå sosiale medium viser den høge bygningen fullstendig rase saman. Redningsarbeidarar seier mange bygningsarbeidarar blei fanga i ruinane, men nøyaktig kor mange som var på staden er ikkje kjent.

Men carry a worker who was rescued at the site of a collapsed 21-story building in Ikoyi, Lagos

Ei gruppe menn reddar ut ein av arbeidarane som blei fanga i massane.

Foto: Temilade Adelaja / Reuters

Bygget var ein del av eit kompleks med namnet «360 Degrees Towers», skriv BBC. Ifølge byggherren, som seinare har tatt ned nettstaden sin, skulle det huse luksusleilegheiter.

Bygningsarbeidar Eric Tetteh (41) seier til AP at teamet hans venta på ei gravemaskin då bygningen plutseleg fall.

– Eg og broren min slapp unna, men det er fleire menneske der – meir enn 100, seier Tetteh.

Ukjent årsak

Eit anna vitne, som jobba i eit kontor i bygget ved sidan av, seier til BBC at han «bokstaveleg talt såg bygningen gå ned etasje for etasje».

Kva som forårsaka kollapsen er ikkje visst. Lokale myndigheiter har allereie beordra ei etterforsking av kollapsen, og har lova å offentleggjere den endelege rapporten.

Nigeria: Mennesker går oppå ruinene av det som en gang var et 21 etasjer høyt bygg. Det meste i bildet er grått: grå betong, grå luft, grå stein. Menneskene er spredt rundt på haugen med byggematerialer.

Det er ikkje kjent kor mange som er sakna i ruinane.

Foto: Pius Utomi Ekpei / AFP

Lokale politikarar og andre tenestemenn har besøkt staden. Men ifølge AP skal viseguvernør Femi Hamzat ha blitt møtt med mengder av sinte menneske som meiner myndigheitene kom altfor seint i gong med redningsarbeidet.

116 døydde i kollaps i 2014

Det er ikkje første gong ein bygning har kollapsa i Lagos.

Ifølge BBC skal 10 menneske ha døydd etter at ein skule kollapsa i 2019.

Fem år før det raste ein seks etasjars bygning saman medan ein kjendis-predikant haldt gudsteneste. 116 personar mista livet.

Bygningsstandarden har fått mykje kritikk dei siste åra, og myndigheitene i Lagos lanserte nyleg ei ny ordning som krev at bygningane blir sertifisert trygge.

Ein skadd arbeidar

Ein av bygningsarbeidarane som blei redda. No får myndigheitene kritikk for å ikkje starte redningsaksjonen kjapt nok.

Foto: Pius Utomi Ekpei / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt