Hopp til innhold

Hjelpeorganisasjonar om Gaza-naudhjelpa: – Ein drope i havet

Berre 54 lastebilar med naudhjelp har komme inn i Gaza. Fleire organisasjonar meiner det ikkje held for å dekke de humanitære behova. Før krigen køyrde opp mot 500 lastebilar med naudhjelp inn kvar dag.

Lastebilar ved Rafah-grenseovergangen i Egypt.

KØ: Meir enn 160 lastebilar har i fleire dagar stått klare på egyptisk side av grensa, klare til å frakta naudhjelp inn i Gaza.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

I helga slepte dei fyrste lastebilane med naudhjelp inn i sørlege Gaza. Dei var lasta med medisin, mat og drikkevatn.

Sidan laurdag har 54 lastebilar levert naudhjelp til den omringa palestinske enklaven, som dei siste to vekene har vore heilt utan tilførsle av humanitær hjelp.

20 lastebilar kom på laurdag, ytterlegare 14 lastebilar med naudhjelp kom søndag, og måndag ettermiddag melder FN at 20 nye lastebilar med naudhjelp har kryssa grensa inn til Gaza frå Egypt.

Les også Røde halvmåne om angrepene på Gazastripen: Israel respekterer ikke Genèvekonvensjonen

Israel Palestinians

FNs generalsekretær António Guterres er klar på at volumet på leveransane som slepp inn ikkje er stort nok.

Han seier at det trengst minst 100 lastebilar dagleg for å dekkja behovet for mat, drikkevatn, medisinsk utstyr og drivstoff.

– Ein drope i havet

Også Flyktninghjelpen meiner at naudhjelpa som har sleppe inn så langt ikkje er i nærleiken av nok til å dekkja dei humanitære behova.

– Det er eit svært viktig gjennombrot at grenseovergangen ved Rafah endeleg vart opna for naudhjelp. Men det som har komme inn så langt er dessverre berre er ein drope i havet, seier spesialrådgivar i Flyktninghjelpen, Becky Bakr Abdulla.

Ho seier at 20 lastebilar med naudhjelp berre dekkjer behova til om lag ein prosent av befolkninga.

– Behova er enorme no. Det er også viktig å påpeike at nødhjelpa ikkje når hundretusenvis av menneske som framleis oppheld seg nord i Gaza. Mest av alt treng sivilbefolkninga vern og ei uvilkårleg våpenkvile, seier Abdulla.

Ingen hjelp utan drivstoff

Sjølv 100 lastebilar om dagen er kanskje ikkje nok, meiner Philippe Lazzarini. Han er generalkommissær i FN sin naudhjelpsorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA).

Lazzarini sa til BBC at det før krigen gjekk opp mot 500 lastebilar med naudhjelp og drivstoff til Gaza, kvar dag.

generalkommissær i FN sin naudhjelpsorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA), Philippe Lazzarini

DRIVSTOFF: Utan drivstoff når ikkje naudhjelpa fram til dei som treng den, seier generalkommissær Philippe Lazzarini.

Foto: Hassan Ammar / AP

I Gaza manglar no sivilbefolkninga det meste, inkludert drivstoff til å halda sjukehusa i drift. Hittil har ikkje drivstoff fått sleppe inn blant naudhjelp-leveransane.

– Utan drivstoff blir det ikkje vatn, ingen fungerande sjukehus eller bakeri. Utan drivstoff når ikkje naudhjelpa fram til dei som desperat treng den. Utan drivstoff blir det ingen humanitær hjelp. Utan drivstoff kvelast borna, kvinnene og folket på Gaza ytterlegare, seier Lazzarini.

Det er no kring 2,3 millionar menneske i Gaza. Utan tilførsle av hjelp står ein snart overfor ein «humanitær katastrofe utan sidestykke», skriv FN.

– For kvar time desse forsyningane blir ståande på egyptisk side av grensa vil fleire jenter og gutar, kvinner og menn, spesielt dei sårbare eller funksjonshemma, døy, seier Verdas helseorganisasjon (WHO) sin generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Frivillige fra Røde Halvmåne i Dubai pakker ned nødhjelp til folket i Gaza, 21. oktober.

I helga jobba friviljuge frå Røde halvmåne med å pakka ned naudhjelp som skal sendast til Gaza.

Foto: KARIM SAHIB / AFP

Fryktar at drivstoff kjem Hamas til nytte

I førre veke sto meir enn 160 lastebilar, fulle av naudhjelp, klare ved Rafah-grenseovergangen i Egypt.

Israelske myndigheiter har vore klare på at dei vil sleppa «avgrensa» naudhjelp inn i Gaza, så lenge det ikkje kjem Hamas til gode.

At det ikkje er blitt levert drivstoff til Gaza så langt, skal skuldast at Israel fryktar at Hamas kan bruka drivstoffet til militære føremål.

Den kommersielle israelske grenseovergangen ved Kerem Shalom.

KEREM SHALOM: Det er denne grenseovergangen som normalt blir brukt når varer skal inn i Gaza. Bilete er frå 10. september i år, ein snau månad før Israel stengde den.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Det er Israel som bestemmer kva som kjem inn og ut av Gaza.

Palestinarane i Gaza har såleis vore heilt avhengige av Israel for tilførsle av varer sidan 2007, då Israel innførte ein blokade etter at Hamas tok kontroll over enklaven.

Tal frå OCHA syner at det i 2022 blei levert 106.449 lastebil-lass med varer og utstyr til Gaza frå alle dei israelske grenseovergangane.

I åra 2015–2021 blei det i snitt levert 106.369 lastebil-lass i året.

Det er 291 lastebilar om dagen.

Grensen stengd att

Etter den fyrste leveransen med naudhjelp laurdag, blei Rafah-overgangen stengd att. Det skuldast israelske krav om strengare inspeksjonar.

I ein analyse for The Irish Times peiker Midtausten-ekspert Michael Jansen på eit anna problem:

Grenseovergangen i Rafah er ikkje dimensjonert for å handsama volumet på naudhjelpa ein no ynskjer å få inn i Gaza.

Til vanleg går slike vareleveransar gjennom den israelske Kerem-Shalom-grenseovergangen.

Den er dimensjonert for å handsama kommersiell vareflyt inn i Gaza. Kerem-Shalom har vore stengd sidan 7. oktober.

SISTE NYTT

Siste nytt

USAs president Joe Biden under den årlige korrespondentmiddagen i Det hvite hus.

Biden spøkte med egen alder og kom med stikk mot Trump

Lørdag hadde amerikanske journalister sin årlige korrespondentmiddag med president Joe Biden. Utenfor var det store demonstrasjoner mot krigen i Gaza.