Storbritannia har lenge arbeidd for å få Hizbollah inn på terrorlista, og no har dei fått resten av EU med seg, seier fleire diplomatar i EU-hovudstaden Brussel til nyheitsbyrået Reuters. Vedtaket skal ha vore samrøystes.
Terrorangrep i Bulgaria
Det er særleg terrorangrepet mot israelske turistar i Bulgaria i fjor sommar som har snudd stemninga i EU. Mange spor i saka peikar mot Hizbollah.
Tysklands utanriksminister Guido Westerwelle sa tidlegare i dag at alle spor i saka tyder på at Hizbollah står bak, sjølv om organisasjonen sjølv avviser dette.
– Vi må svare på dette angrepet, og svaret er å svarteliste Hizbollah, sa Westerwelle til journalistar før møtet i dag.
Ein domstol på Kypros har funne ein Hizbollah-medlem skuldig i å planleggje angrep mot israelarar på ferieøya. Kypriotisk politi greidde å avverje at angrepsplanane vart sette ut i livet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Deltek i syrisk borgarkrig
Hizbollah, som er støtta av Iran, har også ope gått inn på Assad-regimet si side i borgarkrigen i Syria. Dette er truleg også ein viktig grunn til at Hizbollah no står på terrorlista saman med andre nasjonale og internasjonale terrororganisasjonar.
Den libanesiske regjeringa bad før utanriksministermøtet i Brussel i dag EU om ikkje setje Hizbollah på terrorlista, fordi organisasjonen spelar ei så viktig rolle i libanesisk politikk. Hox
Hizbollah vart opphavleg danna for å kjempe mot israelske styrkar i Sør-Libanon. Organisasjonen har fått omfattande militær og økonomisk hjelp frå Iran og Syria, og har i løpet av dei siste åra bygd seg betydeleg opp militært.
Organisasjonen har blant anna eit stort arsenal av rakettar, som kan nå mål over store delar av Israel.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Frysing av verdiar
Det at Hizbollah no blir plassert på EUs terrorliste, eller blir svartelista, betyr at organisasjonen sine medlemer kan nektast innreise til EU-landa. Det er også snakk om frysing av verdiar i europeiske bankar for alle organisasjonar med direkte band til Hizbollah.
Sidan det berre er den militære delen av Hizbollah som blir ramma av svartelistinga, så kan det bli vanskeleg for EU å slå fast kva band dei ulike delane av organisasjonen har til kvarandre. Dette er naudsynt for å slå fast kven som tilhøyrer den militære delen og kven som berre kan knytast til den sivile delen.