NRK Meny
Normal

Her vart dei drepne

Her er ei oversikt over stadane som vart angripne i Paris.

Laster innhold, vennligst vent..

Fransk politi seier at ei gruppe sjølvmordsbombarar gjekk til angrep utanfor Stade de France rundt kl.21.20 fredag kveld. Det tok ei stund før ein vart klar over situasjonen og president Francois Hollande som var til stades vart evakuert.

Omtrent samstundes skaut ei liknande gruppe mot fleire restaurantar og kafear før dei storma konsertlokalet Bataclan. Der skal dei ha drepe rundt 80 menneske før dei sprengde seg sjølv i lufta. Til saman skal minst 128 personar vere drept, og rundt 200 vere skadde.

Åtte gjerningspresonar er døde, politiet trur ikkje det er fleire.

Tala frå det franske politiet er noko varierande.

21.20: Fotballstadionet Stade de France

  • Truleg fleire sjølvmordsbombarar som sprengde seg sjølv i lufta ved to av inngangane til stadionet, den tredje ca 400 meter unna.
  • Fire døde, 50 skadd. 80.000, deriblant president Francois Hollande, var til stades under kampen.
  • Frankrike og Tyskland spelte vennskapskamp, president Hollande var på tribunen
Ein mann utanfor stadion hevdar mobiltelefonen tok støyten då ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta.
Laster Twitter-innhold

21.20 Restaurant Le Petit Cambodge og baren Le Carillon

  • Adresse: Rue Bichat og Alibert, 10. distrikt
  • 14 døde, 20 skadd
  • Væpna menn storma den kambodsjanske restauranten. Dei skaut og drap gjestane som sat ved borda
  • Utanfor baren skal ein av angriparane ha ropt «Gud er stor» på arabisk, så opna han eld med automatgevær
Laster Twitter-innhold

21.30 Rue de la Fontaine au Roi

  • Skot mot pizzeriaen Cosa Nostra. 5 døde.

21.40 Restaurant La Belle Equipe

  • Adresse: 92 Rue de Charonne, 11. distrikt
  • 19 døde, 23 skadde
  • Vitne seier ein person fyrte laus mot restauranten med automatvåpen
La Belle Equipe, rue de Charonne

Fransk soldat vaktar utanfor restaurant la belle Equipe

Foto: PIERRE CONSTANT / Afp

21.45 Comptoir Voltaire

  • Ein eksplosjon utanfor brasseriet som ligg på Place de la Nation. Ingen dokumenterte skadde eller døde, men tekniske undersøkingar fann stad inne på brasseriet laurdag, og staden var sperra av.
FRANCE-ATTACKS-PARIS

EKSPLOSJON: Tekniske undersøkingar på brasseriet Comptoir Voltaire på place de la Nation, dagen etter staden var ein av fleire stader i sentrum av Paris råka av terror.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

21.50 Bataclan konserthus

I tillegg skal fleire vere drepne på Place de la République og på boulevard Beaumarchais, som også ligg i 11.arondissement

Laster kart, vennligst vent...

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt