Hopp til innhold

Her blir 14-åring skoten av politiet

Videobilete frå eit overvakingskamera viser brasilianske politifolk skyte mot ein uvæpna 14-åring frå kort hald.

Video Her blir 14-åringen skoten av politiet

VIDEO: Her blir uvæpna 14-åring skoten av politiet.

Brasiliansk politi har fått ei ny politivaldsak mot seg. Denne gongen i eit fattig nabolag i byen Manau i Amazonas. Den 14 år gamle guten vart skoten fem gonger i brystregionen, men det går ikkje fram av videoen kva type våpen som vart brukt. Det kan ha vore eit elektrosjokkvåpen.

Guten vart innlagd på sjukehus, men skal no vere heilt frisk igjen.

I fengsel under etterforskinga

Dei sju politimennene som var med på aksjonen, vart fengsla tidlegare denne veka. Og dei blir verande i fengsel fram til saka er ferdig etterforska, blir det opplyst.

Sjølve episoden på videoen er frå august i fjor, men bileta har ikkje vore offentleggjorde tidlegare.

Politiet hadde ein aksjon av eit eller anna slag inne i det fattige bustadområdet. Her vart det funne eit våpen, og den 14 år gamle guten oppheldt seg ikkje langt fra der våpenet vart funne.

Skot og mishandling

Bileta frå eit web-kamera i området viser at guten blir skoten og mishandla. Politimennene rapporterte at dei skaut mot guten i sjølvforsvar, men bileta viser at dette er langt frå sanninga.

Den brutale valdssaka har fått brei omtale i brasilianske medium. Medan politimennene blir etterforska, har 14-åringen og familien hans fått hjelp frå eit offentleg program som skal verne offer for kriminalitet og menneske som har vore vitne til alvorlege brotsverk.

SISTE NYTT

Siste nytt