Hopp til innhold

Heilt intakt etter nesten 40.000 år under isen

Eit nesten heilt intakt hestekadaver, som nyleg vart funne i ei krater i det austlege Sibir, er truleg mellom 30.000 og 40.000 år gammalt, trur russiske forskarar.

40.000 år gammal hest funnen i isen i Sibir.

Forskarar ved Universitetet i Jakutsk i Sibir i Russland er i gang med undersøkingane av den mellom 30.000 og 40.000 år gamle unghesten.

Foto: Michil Yakovlev / AP

Det stadig varmare klimaet har ført til at permafrosten på den sibirske taigaen er i ferd med å tine. Det har ført til stadig fleire funn av forhistoriske dyr i området, som har vorte kalla «naturens store djupfrysar». Unghesten som vart funnen tidlegare denne månaden, er truleg det best bevarte dyrekadaveret som er funne hittil.

Batagaika-krateret i Sibir.

Batagaika-krateret i det austlege Sibir sett frå lufta.

Foto: AP

Den vesle hesten vart funnen i Batagaika-krateret, ei rundt 100 meter djup ravine på den sibirske taigaen.

– Ekstraordinært funn

Professor Semyon Grigorjev er leiar for Mammutmuseet ved Universitetet i Jakutsk, der kadaveret no blir undersøkt. Han kallar funnet ekstraordinært, fordi hesten, som truleg var bere tre månader gammal då han miste livet, er så godt bevart.

Det meste av det vesle dyret, det er berre 98 centimeter høgt, er heilt intakt, også dei indre organa. Forskarane trur unghesten døydde berre to månader gammal, truleg som følgje av eit fall. Vitskapsmagasinet Science Alert skriv at funnet gir ein unik sjanse til å få innsyn i denne hesterasen sin levemåte og livsvilkår.

Forskarane i Jakutsk har alt funne ut at den vesle hesten har mykje til felles med ein hesterase som lever i dette området i dag.

Gammal hest i Sibir.

Unghesten var truleg berre tre månader gammal då han miste livet og hamna under den sibirske isen.

Foto: Michil Yakovlev / AP

– Heilt vilt

Biolog Pernille Mølgaard Andersen ved Naturhistorisk Museum i København seier til Danmarks Radio at det blir funne stadig fleire utdøydde dyr som mammutar og ulhåra nasehorn, som har vore nedfrosne i den sibirske isen.

– Dette er heilt vilt når det blir gjort slike funn. Kadavera gir oss eit vindauge til fortida. Vi kan undersøkje mageinnhald, organismar på dyret og naturen dyret har levd i. Vi får vite mykje om dyra si tilpassing, økologi, helsetilstand og kva mat dei åt, seier ho.

Funnet vart gjort i samarbeid mellom forskarar frå Universitet i Jakutsk og Kinday-universitetet i Japan.

Dette er verdens eldste figur-tatoveringer

Hvem drepte Ötzi?

– Ötzi fikk seremoniell begravelse

Sibir

SISTE NYTT

Siste nytt