Hopp til innhold

Har begynt å stenge vatnet i Romas fontener

Lite regn og lekke vassmagasin har ført til vasskrise i Italia denne sommaren. No blir det vurdert kraftig rasjonering i hovudstaden, og Vatikanet har allereie stengd fontenene.

Fontene på Petersplassen

Roma har over 2000 fontener. No kan det hende ein må skru dei av for å spare vatn, i det som er eit av dei tørraste åra i Italia på 60 år. Petersplassen har allereie starta.

Foto: Andrew Medichini / AP

Vatikanstaten skrudde allereie måndag av sine fontener, også dei to tvillingfontenene på Peterplassen, av omsyn til tørken.

Meteorologane på Sky TG24 kunne søndag fortelje at Italia har hatt ein av dei tørraste vårane på rundt 60 år. Nokre delar av landet har hatt 80 prosent mindre regn enn normalt. Ein av dei hardast råka regionane er Sardinia, har bede staten om naturkatastrofe-status.

Vatikanets eigen radiostasjon påpeikte at avgjerda om å skru av kranane også er i tråd med pave Frans' synspunkt i miljøsaka. Paven har fleire gonger kritisert sløsing av vatn.

Dårleg infrastruktur er skuld i noko av vasstapet

I Roma har vasskrisa også blitt politisk. Førre veke bestemte guvernøren i Lazio-regionen, som inkluderer den italienske hovudstaden, at ein ikkje kan ta meir vatn frå Bracciano-innsjøen som forsyner ein del av hovudstaden med vatn, fordi det dramatisk låge vassnivået utgjer ein fare for fiske- og dyrelivet i innsjøen.

Bracciano-innsjøen

Folk solar seg på ein sterkt inntørka innsjø. Bracciano er vannreserven til romarane, men no blir kommunen nekta å ta meir vatn herifrå.

Foto: Massimo Percossi / AP

Innsjøen var opphavleg berre brukt som ei reservekjelde, men har dei siste åra blitt tappa frå jamleg.

Og med innsjøen avstengd har Romas vasselskap ACEA åtvara om rasjonering. Kommunen skal møte selskapet onsdag, og kan kome til å stenge av vatnet i så mykje som åtte timar dagleg allereie frå onsdag. Også vatnet i Romas kjende fontener risikerer å bli kutta.

Og det er slett ikkje berre Roma med sine mange antikke akveduktar som er kjende for å lekke som mistar verdifullt vatn; Utilitalia, ein interesseorganisasjon for vatn, energi og miljø, har analysert selskapa som gir halvparten av landet vatn og konkludert med at den utilstrekkelege infrastrukturen, ofte fleire tiår gammal, fører til eit vasstap frå 26 prosent i nord til 46 prosent i sør, skriv avisa La Stampa.

Førebur seg på klimaendringar

Bondeorganisasjonen Coldiretti kom førre veke med eit overslag over skadane i landbruket som følge av vassmangelen; 2,3 milliardar euro så langt, dvs. over 20 milliardar i norske kroner.

Skogbrann i Italia

Den varme og tørre sommaren har ført til mange skogbrannar i Sør-Europa i sommar, også i Italia. Her i Posillipo nær Napoli.

Foto: Ciro Fusco / AP

Både tomatar, oliven og vindruer i heile landet er råka, i tillegg til mjølk som blant anna går til den kjende parmesanosten i Parma. I Po-deltaet har ein bede om at irrigasjonssystema ser seg nøgde med mindre vatn enn det vanlege

No er det sett i gang forsking på følgene av klimaendringane for nedbøren. Dei som sørger for vassforsyninga i Torino, la Società Metropolitana Acque Torino, seier til La Stampa at dei er i gang med å finne ut av korleis dei skal møte utfordringa med varmare og tørrare somrar og meir ekstreme og konsentrerte regnbyer.

SISTE NYTT

Siste nytt