Gravrøvarar på havbotnen – to ubåtvrak søkk vekke

To nederlandske ubåtvrak, som også var gravplass for 79 menneske, har på mystisk vis forsvunne frå havbotnen utanfor kysten av Malaysia.

Den nederlandske ubtåten K17.

Den nederlandske ubåten K17 vart senka av japanske miner utanfor kysten av Malaysia i desember 1941.

Foto: Nationaal Archief Nederland

Begge dei to ubåtane, O16 og K17, vart senka av japanske miner i Sør-Kinahavet i desember 1941. Berre eit menneske frå dei to ubåtane overlevde. Begge vraka, som låg på ei djupn av mellom 50 og 60 meter, har fått status som krigsgraver, og med det skal dei vere beskytta av internasjonal lov.

Forskarar som har granska havbotnen der dei to ubåtane låg seier at berre litt er igjen av O16 på botnen, medan det einaste sporet etter K17 er omrisset av der ubåten låg.

Bestefaren var skipssjef

Jet Bussemaker, nederlandsk minister.

Jet Bussemaker fortel at bestefaren hennar hadde kommandoen på ubåten O16. Han døydde i angrepet i Sør-Kinahavet i desember 1941

Foto: United Photos / Reuters

Den tidlegare nederlandske ministeren Jet Bussemaker, som no har trekt seg tilbake frå politikken, har reagert sterkt på meldingane om at ubåtvraka er fjerna. Bestefaren hennar, Anton Bussemaker, hadde kommandoen om bord på O16. Han døydde om bord i ubåten denne desemberdagen i 1941.

– Dette er ei sjokkerande nyheit for slektningane av dei som miste livet om bord på ubåtane. Det burde likevel ikkje kome som eit sjokk, fordi vi kjenner til den intense aktiviteten til gravrøvarane i havområdet mellom Indonesia og Malaysia, seier ho til den nederlandske avisa De Telegraaf.

Også Storbritannia miste fleire marinefartøy i dette området under andre verdskrigen, og røving av skipskyrkjegardar er eit kjent fenomen også for dei. I august i fjor fordømde dåverande forsvarsminister Gavin Wiliamson plyndringa av britiske krigsgraver i Sør-Kinahavet.

– Var også gravplassar

Jet Bussesmaker seier at ho i si tid i den nederlandske regjeringa fann ut at tre andre marinefartøy, som også var krigsgraver, var borte vekk. Ho seier til den nederlandske avisa De Telegraaf at det alt då var indikasjonar på at noko hadde skjedd med ubåten O16.

– No er eg berre ein overlevande slektning. Dette er ikkje lett, vi får ikkje fred på denne måten. Hugs at desse skipa også var gravplassar, seier ho til avisa.

Stålet på dei gamle ubåtane er svært verdfullt, og det er også fleire andre typar metall som gir gode pengar til dei som hentar det opp frå havbotnen. Det kan vere store mengder koparkablar om bord, og propellar som er laga av fosforbronse.

Stål utan radioaktivitet

Den britiske avisa The Guardian avslørte i 2017 at vraka av fleire vidkjende britiske marinefartøy, som gjekk ned under andre verdskrigen, har vore utsette for plyndring på havbotnen. Desse skipa var gravplass for fleire hundre menneske.

Det går fram av artikkelen at det aller mest verdfulle på desse skipsvraka er stålplater frå tida før ein byrja med testing av atomvåpen. Denne testinga har gjort at radioaktivt stoff har påverka også stålet som blir produsert.

Stålet som ikkje er påverka av radioaktivitet er ekstra verdfullt, fordi det kan brukast i vitskapleg arbeid og i produksjonen av medisinsk utstyr.

Plyndringa held fram

Den indonesiske regjeringa har lova å sørgje for at skipsvraka, som også er gravplassar, skal få liggje i fred.

Likevel ser det ut til at plyndringa av skipsvraka held fram. Dei blir henta opp frå havet og tekne til land. Der ventar arbeidarar som kuttar opp stålet. Det har kome fram at leivningane til dei som var om bord i skipa blir putta i anonyme massegraver på land.

Det blir også fortalt at dei som jobbar med å skjere stålet ofte finn beinrestar frå menneske om bord i skipa dei jobbar med.

SISTE NYTT

Siste nytt