Hopp til innhold

Gissela i Peru blir sleppte fri

Urfolk i peruansk Amazonas har tatt det som var opp mot 150 turistar som gissel, meldte lokale medium. Gislane blir sleppte fri fredag ettermiddag lokal tid.

Ebk4iaXk_as

Turistane reiste med ein elvebåt då dei blei tatt. Blant gissela er statsborgarar frå USA, Storbritannia, Spania, Frankrike og Sveits. Det er kvinner og born blant dei tatte.

Foto: ANGELA RAMIREZ / AFP

Gislane blei tatt i protest mot at myndigheitene ikkje skal ha ytt bistand etter eit oljeutslepp i september i Cuninico-elva, ifølge AFP.

Turistane og deira lokale følgesveinar blei tatt til fange då dei skulle over Marañón-elva i same område i Amazonas, nord i Peru. Dei blir haldne om bord i elvebåten dei reiste i.

Til Radio Programas del Perú (RPP) seier ein representant for gisseltakarane, Watson Trujillo, at dei har tatt om lag 70 fangar, men augevitne fortel om lag 150 gissel.

Leiaren for urfolksgruppa som har tatt turistar til gissel i Peru, Watson Trujuillo, seier til RPP at gissela blir sleppte fri fredag ettermiddag lokal tid.

Blant gissela er statsborgarar frå USA, Storbritannia, Spania, Frankrike og Sveits. Det er kvinner og born blant dei tatte

– Behandla godt og respektfullt

Turistane som blei tatt til fange inkluderer både barn, eldre, gravide kvinner og personar med funksjonsnedsetting, og skal komma frå Storbritannia, Spania, Frankrike, USA, Peru og Sveits.

– Me blir behandla godt og respektfullt, men dette er den einaste måten dei hadde for å komma nærmare ei løysing for deira folk, skriv peruanske Angela Ramirez frå fangenskap på Facebook.

– Jo fortare dei blir høyrde, jo fortare blir me frigjorde, forsett ho.

Dei skal ha fått beskjed om at dei skal haldast i seks til åtte dagar fram til ei løysing er nådd med peruanske myndigheiter.

(FILES) This file handout photo taken on September 16, 2022, and released by Peru's Prosecutor's ...

Gisseltakinga skal skapa merksemd rundt oljeutsleppet i Cuninico-elva, seier ein representant for dei lokale gjerningsmennene. Dette bildet er tatt kort etter utsleppet den 16 september.

Foto: AFP

Manglar vatn

Men allereie no har forholda byrja å bli utfordrande, melder ho.

– Me har nesten ikkje drikkevatn, sola er sterk og barn græt, skriv Ramirez.

Det blei erklært 90 dagar med unntakstilstand i området den 27. september etter at 2500 tonn råolje gjekk i elva.

Om lag 2500 urfolk bur i det aktuelle området, og Watson fortel at to barn og ei kvinne er døde som følge av oljeutsleppet.

Norperuano er eit av Sør-Amerika sine største oljerøyr og går gjennom Loreto-provinsen på sin veg til stillehavskysten. Statseigde Petroperu, som eig oljerøyret, meiner utsleppet er eit resultat av sabotasje.

SISTE NYTT

Siste nytt