Hopp til innhold

Her fell bombene få dagar etter krav om våpenkvile

Innbyggjarane i Rafah vakna til intens bombing natt til onsdag. Trass i FN-resolusjon om våpenkvile, er det lite som tydar på at krigshandlingane vil stoppe med det første.

Minst tre personar er drepne og fleire såra etter israelske luftangrep mot to bustadhus i Rafah natt til onsdag, melder det offisielle palestinske nyheitsbyrået Wafa.

Det er nabolaga Khirbat al-Adas og al-Shout som er råka.

Tryggingsrådet i FN stemte måndag gjennom eit forslag om umiddelbar våpenkvile i Gaza under fastemånaden ramadan.

To dagar seinare held krigshandlingane fram med uforminska styrke.

BOMBARDEMENT: Røyken stig over Rafah etter intens bombing natt til onsdag.

BOMBARDEMENT: Røyken stig over Rafah etter intens bombing natt til onsdag.

Foto: AFP

Presset aukar

Israel står no under eit sterkt internasjonalt press.

Geir Ulfstein, professor emeritus ved Universitetet i Oslo, meiner FN-resolusjonen er eit gjennombrot.

– Det er heilt klart at den i første rekke har ei politisk betydning. Israel kjenner seg pressa. Sjølv frå USA. Og det inneber ei endring. Resolusjonen er banebrytande, viktig og folkerettsleg bindande, seier han til NRK.

Han fortel vidare at presset kjem frå både nasjonale og internasjonale domstolar.

USA, som ved fleire anledningar har nytta sin vetorett i Tryggingsrådet, avstod denne gongen frå å stemme.

Dette falt ikkje i god jord i Israel, der statsminister Benjamin Netanyahu svarte med å avlyse eit planlagt besøk til Washington.

Ein palestinsk gut går gjennom ruinane i byen Rafah

Ein palestinsk gut går gjennom ruinane etter onsdagens angrep mot byen Rafah.

Foto: Reuters

Ulik oppfatning

Israel sin forsvarsminister Yoav Gallant er i Washington for ei rekke møter med høgtståande amerikanske tenestemenn.

I eit innlegg på X kjem det fram at Gallant diskuterte den varsla bakkeinvasjonen av Rafah med USAs forsvarsminister Lloyd Austin.

Austin skriv på X at samtalane handla om «å diskutere viktigheita av ei tilnærming til militære operasjonar i Rafah som prioriterer vern av sivile, den humanitære situasjonen i Gaza og truslar mot regional tryggleik».

PENTAGON: Israel sin forsvarsminister Yoav Galant i møte med USA sin forsvarsminister Lloyd Austin i Washington.

Israel sin forsvarsminister Yoav Galant i møte med USA sin forsvarsminister Lloyd Austin i Washington.

Foto: AP

Også Gallant har omtalt forsvarsministermøtet på den sosiale plattforma.

Her er bodskapen annleis - og fokuserer på å oppretthalde Israel sitt militære forsprang i regionen.

Gallant takkar for ein viktig diskusjon om «kva slags operasjonar som krevjast for å øydelegge Hamas sitt styresett og terrorkapasitet, innsats for å frigi gislar og måtar å sikre regional stabilitet i møte med truslar på fleire frontar», heiter det i innlegget.

Les også FNs sikkerhetsråd krever umiddelbar våpenhvile i Gaza

Overblikk, FNs sikkerhetsråd

Tette band

USA er Israels viktigaste allierte og Gallant var open om kor avgjerande det er med tette band mellom landa for Israel sin tryggleik.

– Så langt tyder det på at kontakten mellom landa held fram. Israel er jo heilt avhengige av amerikansk støtte. Då særleg våpenleveransar, poengterer Ulfstein ved Universitetet i Oslo.

Den siste tida har spenninga vore høg og USA har ved fleire anledningar kritisert Israel for deira krigføring i Gaza.

Gaza i ruinar

Store delar av Gaza ligg i ruinar etter snart eit halvt år med krig.

Foto: AFP

Austin var open om at tryggleiken til dei sivile i Rafah er ein hovudprioritering for USA.

– Å beskytte palestinske sivile mot skade er både ein moralsk naudsynt og eit strategisk imperativ. Gaza står i ein humanitær katastrofe og situasjonen blir stadig verre, sa Austin.

Han poengterte under møtet at dødstalet på Gazastripa er «altfor høgt», og at den humanitære naudhjelpa er «altfor lav».

Sjølv om Israel i stor grad mottar aukande kritikk frå Washington, understrekar amerikanske tenestemenn at dei vil halde fram med å forsyne Israel med våpen for å halde fram krigføringa i Gaza.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.