Lars Sigurd Sunnanå kom inn i Bagdad i natt saman med ei gruppe amerikanske soldatar. Han seier at det ikkje verkar som om amerikanarane har kontroll over byen.
NRKs Lars Sigurd Sunnanå kom inn i Bagdad i morgontimane i dag.
Knutepunkt
- Dei amerikanske styrkane har sikra seg kontroll over sentrale knutepunkt og dei viktigaste vegane, men det er store område av byen der dei ikkje har kontroll, seier Lars Sigurd Sunnanå.
På ein sprakande telefon frå eit amerikansk militært køyrety kan han fortelje om ei dramatisk ferd inn mot byen i natt. Han kan høyre skyting rundt seg, sjølv om den militære kolonna han er med i ikkje har vore i kamp. Inntrykket hans er at Bagdad for tida er ein svært usikker by å opphalde seg i.
Alt som kan vere av verdi blir plyndra i Bagdad. Her har nokre ungdomar sikra seg ein fangst. (Reuters-foto)
- Vi har køyrt gjennom fleire områda der væpna grupper som er lojale mot Saddam Hussein har kontrollen. Heldigvis har vi vorte vinka vidare, fortel han.
Sunnanå kan fortelje at det no er rundt 15.000 amerikanske soldatar i Bagdad, noko han meiner er altfor lite til å sikre seg kontrollen over byen. Det er så mykje våpen i omløp i den irakiske hovudstaden at det skal mykje til å gjeninnføre ro og orden.
Kjøpesenter
- Vi køyrde forbi eitt av dei største kjøpesentra i Bagdad for kort tid sidan. Der var plyndringa i full gang, og det var ingen som gjorde forsøk på å stanse det, seier Sunnanå.
Lars Sigurd Sunnanå har teke inn på Hotel Palestine, hotellet der frilansjournalist Åsne Seierstad og dei fleste andre utanlandske journalistane som oppheld seg i Bagdad bur.
Dei væpna bandane er over alt i den irakiske hovudstaden, seier Lars Sigurd Sunnanå. Han seier at frykta no er at når det ikkje lenger er meir å plyndre i butikkar og offentlege bygningar, så vil bandane byrje å plyndre private heimar.
Skyting
Ein journalist frå nyheitsbyrået Reuters kan fortelje at han såg ein ung mann skyte føraren av ein forbipasserande Pickup. Så trekte han mannen ut av køyretyet, sette seg inn og køyrde av garde.
Ein annan journalist har sett ein flokk væpna menn regelrett plyndre eit barnesjukehus. I sentrum av byen tok butikkeigarar lova i eigne hender og skaut mot plyndrarane. Her vart 25 menneske skadde, opplyser sjukehustilsette til AFP.