Hopp til innhold

Full forvirring om sakna passasjerfly

Det er framleis full forvirring om kva som skjedde med MH370 frå Malaysia Airlines natt til sist laurdag. Det er enno ikkje funne noko avgjerande spor etter det sakna passasjerflyet.

Pårørande krev meir informasjon frå Malaysia Airlines.

Pårørande av passasjerane i det sakna flyet krev skikkeleg informasjon frå flyselskapet. Her røystar dei for å gi flyselskapet ein tidsfrist.

Foto: CHANCE CHAN / Reuters

Malaysia utvidar ifølgje AFP søket etter det sakna passasjerflyet frå Malaysia Airways til også å dekke Andamanhavet.

– Vi kan ikkje la noko vere uprøvd. Vi må sjå på alle moglegheiter, opplyser leder for de sivile luftfartsmyndigheitene, Azhruddin Abdul Rahman onsdag.

Andamanhavet er den delen av Indiahavet som ligg mellom sørkysten av Myanmar, nordspissen av Sumatra i Indonesia og øygruppa Andamanene og Nikobarene. Området ligg hundrevis av kilometer frå det sakna flyets rute.

Rahman opplyste ikkje noko om leiteområdet blir utvida som følge av nokre konkrete indikasjonar på at flyet oppheld seg der.

Samtidig setter Kina inn ytterlegare to fly i leitinga etter det sakna flyet, mens vietnamesiske myndigheiter trapper ned leitinga.

Det er framleis eit mysterium kva som har skjedd med flyet, som forsvann fredag.

– Vi har framleis planer om å leite med nokre få fly i dag. Mens leiting med skip er avlyst, heiter det frå den vietnamesiske regjeringa.

Forvirring om tidspunkt

Malaysia Airlines melde i starten at flygeleiarane ved Subang, som har ansvaret for trafikken ved flyplassen i Kuala Lumpur, miste kontakten med flyet med 239 menneske om bord, klokka 02.40 lokal tid. Det er nesten to timar etter avgang frå Kuala Lumpur.

Seinare har flyselskapet endra dette til at flygeleiarane miste kontakten med flyet, ein Boeing 777, ein time før, klokka 01.40 lokal tid.

Like etter klokka 01.30 prøvde piloten på eit fly i same området å kome i kontakt med MH 370, etter at vietnamesiske flygeleiarar bad han om å kalle opp flyet frå Malaysia Airlines.

Et fly fra det vietnamesiske flyvåpenet på leting etter spor av det savnede flyet.

Eit vietnamesisk fly leitar etter det sakna malaysiske passasjerflyet.

Foto: KHAM / Reuters

– Registrerte mumling

Piloten har fortalt at han høyrde mumling i andre enden, før kontakten vart broten. På dette tidspunktet skal MH370 vore på veg inn i vietnamesisk luftrom over Sør-Kinahavet.

Så kom det tysdag meldingar om at ein militær radar hadde plukka opp signal frå flyet nær den vesle øya Pulau Perak i Malakkastredet, fleire hundre kilometer frå flyet si opphavlege rute.

Dette skal ha skjedd klokka 02.40, tidspunktet Malaysia Airways først sa var siste kontakt med flyet.

Det var sjefen for luftforsvaret i Malaysia, general Rodzali Daud, som sa dette til den malaysiske avisa Berita Harian. Seinare vart det stadfesta av ein høgtståande tenestemann i luftforsvaret, som har uttalt seg anonymt.

Seinare, natt til onsdag, har Daud avvist at han skal ha sagt at det vart plukket opp signal frå sakna flyet frå Malaysia Airlines over Malakkastredet.

Luftforsvaret har likevel ikkje utplukket at flyet forandra kurs, seier han.

Det siste signalet

Då skal flyet ha vore i ei høgd på 10.000 meter, 1000 meter lågare enn flyet eigentleg skulle ha hatt om det hadde fylgt den opphavlege ruta. Ein militær tenestemann i Malaysia seier at dette var det siste signalet frå flyet.

Det har vore spekulert i om flyet hadde snudd for å gå tilbake til Kuala Lumpur, men det store spørsmålet er kvifor dei aldri melde frå om det til flygeleiarane på flyplassen der.

Sjefen for sivil luftfart i Malaysia, Azharuddin Abdul Rahman, seier at leitinga etter det sakna flyet går føre seg på begge sider av Malaysia, altså både i Sør-Kinahavet og i Malakkastredet. Ein talsmann for vietnamesiske styresmakter seier at dei leitar etter flyet også på landjorda i Vietnam.

Dette kan ikkje tolkast på andre måtar enn at ingen veit sikkert kvar flyet har vorte av.

LES OGSÅ: – Kuala Lumpur eit sentrum for reisande med falske pass

LES OGSÅ: Skal sjekke mystisk observasjon 500 km unna

– Kan vere terror

Luftfartsekspert og viseprofessor Les Westbrooks ved Embry-Riddle Aeronautical University seier til The Guardian at dersom flyet hadde fått problem, så kan det hende at ein radar ikkje ville greie å respondere på radarsignala på bakken.

Han seier likevel at ein Boeing 777 er så stor at radaren burde greie å fange opp flyet sjølv utan ein elektronisk respons frå flyet.

Indonesisk fly deltek i leiteaksjonen etter sakna fly.

Eit fly frå det indonesiske luftvåpenet deltek i leitinga etter det sakna passasjerflyet.

Foto: Binsar Bakkara / Ap

Sjefen for den amerikanske etterretningstenesta CIA, John Brennan, sa tidlegare i dag at det er ein reell sjanse for at MH 370 har vore utsett for ei terrorhandling. Ein talsmann for Interpol sa på si side at terrorsporet verkar. mindre sannsynleg

Det kom fram tysdag at dei to passasjerane på MH 370 med falske pass, var begge frå Iran. Dei har truleg kjøpt dei falske passa for å kome seg til Europa, der dei ville søkje asyl.

Besøk i cockpiten

Det har også vore meldt om fire passasjerar som hadde sjekka inn bagasje, men som ikkje møtte opp til avgang. Tysdag opplyste ein polititalsmann likevel at alle som hadde kjøpt billett, var om bord i flyet. Like etter motsa han seg sjølv ved å seie at ein person ikkje kom med, fordi vedkomande hadde teke feil av datoen.

Politisjefen i Malaysia, Khalid Abu Bakar, seier at dei etterforskar flyforsvinninga for å flå fast om det er snakk om ei kriminell handling. Han peikar på flykapring, sabotasje og eventuell psykiske problem hos pilotane som ting som må etterforskast.

Australske medium har i dag slått stort opp at kapteinen på MH 370 for eit par år sidan inviterte to australske kvinner inn i cockpiten under ei flyreise. Ei av kvinnene, Jonti Roos, seier til australsk fjernsyn at dei to fekk sitje i cockpiten under heile den ein time lange flyturen frå Phuket i Thailand til Kuala Lumpur.

Dette er eit alvorleg brot på tryggingsreglane i internasjonal luftfart.

LES OGSÅ: Verdens gåtefulle flystyrter og forsvinninger

LES OGSÅ: Hvordan skal de dødes sjeler nå bli satt fri?

SISTE NYTT

Siste nytt