NRK Meny
Normal

Skal sjekke mystisk observasjon 500 km unna

Fleire skip som leitar etter det sakna passasjerflyet ved Vietnam er på veg til eit område i Sør-Kinahavet, der det er oppdaga eit belte med gjenstandar eller søppel i sjøen.

Indonesisk fly deltek i leiteaksjonen etter sakna fly.

Eit fly frå det indonesiske luftvåpenet er blant dei rundt 40 flya som deltek i leitinga etter det sakna passasjerflyet.

Foto: Binsar Bakkara / Ap

Det var piloten på eit fly frå Cathay Pacific, på veg frå Hongkong til Kuala Lumpur, som melde frå om det han såg på havoverflata. Staden skal vere rundt 280 nautiske mil (518,56 kilometer) frå den siste kjende radarposisjonen til passasjerflyet frå Malaysia Airlines, som er sakna i området.

Funnstaden skal vere rundt 50 nautiske mil (92,6 kilometer) frå sørkysten av Vietnam, melder The Times.

Utvidar leiteområdet

Flyet som forsvant i Malaysia

Det var eit Boeing 777 frå Malaysia Air som forsvann frå radaren natt til laurdag.

Foto: Laurent Errera / Ap

Det er no natt og mørkt i området, og det er ikkje venta at det er mogleg å slå fast om dette kan vere restar frå det sakna flyet før det blir lyst. Området der flyet er sakna ligg seks timar før norsk tid, slik at det blir lyst der cirka ved midnatt norsk tid.

Leitinga i dag har konsentrert seg om eit område med ein radius på rundt 92 kilometer rundt området der flyet, ein Boeing 777 med 239 menneske om bord, forsvann frå radaren natt til laurdag.

No er leiteområdet utvida til også å gjelde fastlandet i Malaysia, havområdet utanfor vestkysten av landet og eit område nord for øya Sumatra i Indonesia. Sjefen for sivil luftfart i Malaysia, Azharuddin Abdul Rahman, stadfestar i kveld er leiteområdet er utvida til også å gjelde eit område i Sør-Kinahavet.

Falske pass

Det er no tre døgn sidan passasjerflyet frå Malaysia Air plutseleg forsvann frå radarskjermane. Det vart ikkje sendt ut noko form for naudsignal, og det var ikkje noko som kunne tyde på at flyet hadde problem.

Det har kome fram at to av passasjerane om bord hadde falske pass, og at dei hadde kjøpt billettane på eit reisebyrå i den thailandske feriebyen Pattaya. Ein iransk mann, som går under namnet Mr. Ali, skal ha kjøpt billettane.

Ein av dei to passasjerane er identifisert, men det er ikkje offentleggjort kvar vedkomande kjem frå. Tidlegare i dag vart det ymta om at han kunne vere afrikansk, men dette er ikkje stadfesta offisielt.

LES OGSÅ: Verdens gåtefulle flystyrter og forsvinninger

Ikkje uvanleg

Dette treng likevel ikkje bety at det har vore ein terroraksjon. Det er kjent at det går føre seg omfattande handel med falske pass i både Malaysia og i Thailand, og at desse landa ofte blir brukt som utgangspunkt for personar som vil prøve å kome seg ulovleg inn i Europa .

Rutene via Beijing blir mykje brukt fordi det er ofte dei billegaste billettane på marknaden. Dei to med falske pass hadde billettar vidare til europeiske flyplassar frå Beijing.

LES OGSÅ: Hvordan skal de dødes sjeler nå bli satt fri?

Samarbeider med FBI

Også amerikanske FBI har sendt etterforskarar til Malaysia for å delta i etterforskinga, men ein talsmann seier at det ikkje er noko som tyder på at forsvinninga har noko med terror å gjere.

Luftfartsstyresmaktene i Malaysia seier at dei ikkje kan sjå bort frå noko som helst, heller ikkje kapring eller ei anna form for terror .

LES OGSÅ: Malaysisk politi: – Vi har identifisert én av passtyvene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt