Den anonyme diplomaten seier at det faktum at det var to personar om bord i det sakna flyet frå Malaysia Airways med falske pass, slett ikkje treng å bety at dei to hadde noko med det som skjedde med flyet å gjere.
– Til meir du veit om kva rolle Kuala Lumpur spelar i denne kjeda med falske pass, til mindre trur du på at dei to om bord med falske pass har hatt noko med forsvinninga å gjere, seier diplomaten til nyheitsbyrået Reuters.
Ei kjelde i politiet i Kuala Lumpur seier til Reuters at dei fleire gonger tidlegare har stansa personar med falske pass og med eksplosiv på seg, som har prøvd å kome seg på eit fly. Han legg til at den noverande etterforskinga fokuserer på at to menn med falske pass var om bord i det sakna flyet.
LES OGSÅ:
Kjøpte billettar i Pattaya
Azharuddin Abdul Rahman er sjef for den sivile lufttrafikken i Malaysia.
Foto: EDGAR SU / ReutersDei to falske passa, som begge vart stolne frå dei europeiske eigarane i Thailand i 2012 og 2013, vart brukte av to personar som hadde kjøpt billettar på flight MH370. Flyet, som var på veg frå Kuala Lumpur til Beijing, vart plutseleg borte frå radarskjermane utanfor kysten av Vietnam natt til laurdag.
Billettane til dei to vart kjøpte i eit reisebyrå i den thailandske badebyen Pattaya. Den kvinnelege eigaren av reisebyrået fortel til Financial Times at det var ein iransk mann, som ho berre kjenner som Mr. Ali, som kjøpte billettane. Ho fortel at han fleire gonger har kjøpt billettar av henne, og at ho ikkje trur at han har noko med terror å gjere.
Han betalte billettane kontant, fortel ho til avisa. Ho seier også at mange kjøper billettar til Europa via Beijing fordi det ofte er det billegaste alternativet. Begge dei to med falske pass skulle vidare til europeiske flyplassar frå Beijing.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Kjenner du Balotelli?
Malaysiske styresmakter opplyser at dei har identifisert av ein av dei to mennene som borda flyet med falske pass. Det vart først sagt at dei hadde asiatisk utsjånad, men direktøren for sivil luftfart i landet, Azharuddin Abdul Rahman, sa seinare at dei ikkje hadde asiatisk utsjånad.
Då ein journalist spurde han om han kunne skildre den identifiserte personen litt nærmare, kom det ifølgje nyheitsbyrået AP til denne ordvekslinga:
Rahman: – Kjenner du til ein fotballspelar vedd namn Balotelli? Han er italiensk. Veit du korleis han ser ut?
Journalist: – Er han svart?
Rahman: – Ja.
11.000 meter over havet
Eit fly frå den vietnameiske marinen er med på leitinga etter vrakrester.
Foto: KHAM / ReutersDet faktum at det ikkje vart sendt ut noko form for naudsignal, og at det ikkje er funne spor etter vrakrestar frå flyet, gjer at ekspertar trur at flyet har eksplodert i lufta. Flyet, ein Boeing 777 med 239 menneske om bord, flaug i ei høgde på rundt 11.000 meter då det forsvann frå radarskjermane.
Luftfartsekspertar meiner det kan ha vore terrorisme, ein motorfeil, ekstrem turbulens, pilotfeil eller til og med sjølvmord. Flytypen er rekna for å vere ei av dei sikraste i moderne luftfart, og det er få som trur at det kan skuldast teknisk feil på flyet.
Leiteaksjonen etter det sakna flyet går føre seg for fullt. I dag har 34 fly og 40 skip frå ti land delteke i leitinga. Det har stadig vekk vorte meldt om funn i sjøen som kunne stamme frå flyet, men det har kvar gong vist seg å vere falsk alarm.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: