Hopp til innhold

Fryktar ytterlegare humanitær katastrofe i Rafah

USAs president Joe Biden ber Israels statsminister Benjamin Netanyahu innstendig om å ikkje gjennomføre ein bakkeinvasjon av Rafah.

USAs president Joe Biden talar i Det kvite hus etter møtet med Jordans kong Abdullah i Washington D.C.

SAMTALAR: USAs president Joe Biden talar i Det kvite hus etter møtet med Jordans kong Abdullah i Washington D.C.

Foto: AP

– Den store militæroperasjonen i Rafah bør ikkje halde fram utan ein klar plan for å sikre tryggleiken til meir enn ein million menneske som held til der, sa Biden frå talarstolen natt til tysdag.

Den amerikanske presidenten ber Netanyahu om å moderere krigføringa og har gjentatte gonger kravd at Israel droppar ein bakkeoperasjon i Rafah før landet har ein klar plan for å beskytte den palestinske befolkninga i området.

Nærmare 1,5 millionar palestinarar oppheld seg i den vesle byen ved grensa til Egypt.

– Mange har flykta fleire gonger frå valden i nord. No er dei stappa saman i Rafah, utsette og sårbare. Og dei må beskyttast, heldt Biden fram.

Palestinarar i Rafah legg på flukt atter ein gong for å sleppe unna kamphandlingane. Denne gongen returnerer dei nordover.

Palestinarar i Rafah legg på flukt atter ein gong for å sleppe unna kamphandlingane. Denne gongen returnerer dei nordover.

Foto: AFP

Også Kina oppfordrer Israel til å stoppe militære operasjonar i Rafah «så snart som mogeleg», melder AFP.

Landet har tidlegare tatt til orde for ei omfattande internasjonal fredskonferanse i konflikta og ynskjer ein tidsplan for ei tostatsløysing.

Humanitær krise

Jordans kong Abdullah er på plass i Washington D.C for å snakke med presidenten om blant anna Gaza-krigen. Landet er ein viktig alliert for USA i regionen.

Kongen er den første arabiske leiaren som møter president Biden sidan krigen braut ut 7. oktober i fjor.

Kong Abdullah legg ikkje skjul på at han ynskjer ei umiddelbar og varig våpenkvile i Gaza i tillegg til ei tostatsløysing.

Han åtvara om at ein israelsk bakkeoffensiv mot Rafah vil resultere i ei humanitær katastrofe.

– Vi kan ikkje stå bi og la dette halde fram. Vi treng ei varig våpenkvile no. Denne krigen må ta slutt, sa han.

Kongen av Jordan talar i Det kvite hus etter samtalar med den amerikanske presidenten.

Kongen av Jordan talar i Det kvite hus etter samtalar med den amerikanske presidenten.

Foto: AP

Netanyahu står framleis fast ved at det er naudsynt å gjennomføre angrep mot Rafah for å utslette Hamas. Statsministeren sa måndag at det militære presset vil halde fram heilt til Hamas er overvunne.

– Berre militært press og fullstendig siger vil resultere i lauslating av alle gislane, står det i eit utsegn frå statsministeren sitt kontor.

Les også Tidligere israelsk statsminister om å gå inn i Rafah : – Jeg ser bare tap

Ehud Olmert og flyktningleir i Rafah

Endring i retorikken

– Israel har skapt seg sjølv eit problem ved å be palestinarane evakuere sørover, for så å ha områdene i sør som siste del av den militære operasjonen.

Det seier Sigbjørn Halsne, seksjonssjef for landmakt ved Krigsskulen. Han poengterer at ein eventuell bakkeinvasjon av Rafah vil bli svært omfattande og kreve ein heil del planlegging og koordinering.

– Det er vanskeleg å sjå for seg at det kan bli ein proporsjonal militæroperasjon utan ei større evakuering av sivile først. At den militære nytteverdien av å øydelegge Hamas-betaljonane Netanyahu snakkar om i Rafah, veg opp for den tettleiken av sivile som er der, seier han.

Palestinarar i Rafah studerer øydeleggelsane etter måndagens israelske luftangrep mot byen.

Palestinarar i Rafah studerer øydeleggelsane etter måndagens israelske luftangrep mot byen.

Foto: Reuters

– Er det noko som tyder på at Netanyahu gir etter for presset?

– Det har skjedd ei endring i retorikken. USA har vore tydelegare og skarpare – noko som har hatt ein effekt. Netanyahu har bedt IDF om å legge ein plan der dei både ivaretar ein grad av beskyttelse av sivile, altså ei evakuerering av området Rafah, samtidig som dei øydelegg siste del av Hamas, seier han.

Mogeleg våpenkvile

– Vi jobbar aktivt for fred, tryggleik og verdigheit for både det palestinske folket og det israelske folket. Og det jobbar eg med natt og dag, sa presidenten frå talarstolen.

Joe Biden seier USA jobbar saman med allierte i regionen for ein gisselavtale mellom Israel og Hamas som kan føre til seks veker utan kampar på Gazastripa.

Denne avtalen skal ifølge presidenten sørge for lauslating av gislar og sende inn ytterlegare naudhjelp.

Ein slutt på krigshandlingane i seks veker, kan gjere at ein «brukar tida på å bygge noko varig», sa Biden.

Etterretningstoppar i USA, Israel og Egypt skal møtast i Kairo for å forsøke å få våpenkvila i hamn. Hamas deltek ikkje direkte i samtalane, men støttar forhandlinga.

Les også Barth Eide med klar advarsel til Israel

- Vi er redde. Vi har ingen steder å dra, sier denne familien til NRK.

Tettbefolka

Før krigen braut ut hadde Rafah omkring 280.000 innbyggarar. No er talet på palestinarar i området nærmare 1,5 millionar.

Menneska bur i telt i provisoriske flyktningleirar og dei fleste er internt fordrive på flukt frå bombene.

– Det er klart vi er redde. Vi har med oss gamle og sjuke. Vi har fleire born med oss. Kvar skal vi reise? sa Ahlam Abu Ida til NRK sitt team i Gaza.

Mandag ba Israel FN om hjelp til å evakuere sivile frå krigsområda i Gaza.

SISTE NYTT

Siste nytt