Hopp til innhold

Fryktar branntornadoar i California

Tørke og kraftig vind gjer at amerikanarane fryktar stor spreiing av skogbrannane i California dei neste døgna. Til no har over 250.000 menneske måtte forlate heimane sine.

I løpet av helga har brannmannskapa fått kontroll på delar av brannane rundt Los Angeles, skriv Los Angeles Times. Fleire skogbrannar i California har kosta minst 25 menneske livet, og mange er sakna.

Over 250.000 menneske har måtte reise frå heimane sine i uvisse. Fleire kjende opptaksstader utanfor den amerikanske filmbyen er også totalskadd av flammane. Det e uklart når ein kan få den fulle oversikta over kor store skadane blir.

Branntornadoar

Søndag kveld, norsk tid, er det venta at vinden skal auke på i California. Dei neste tre døgna er det venta storm i området, og kombinert med tørke, kan det føre til rask spreiing av brannane.

– Vi fryktar brannen skal spreie seg rask og oppføre seg ekstremt. Vi kan også kanskje få branntornadoar, seier meteorologen David Gomberg til Los Angeles Times.

Skogbranner i California sett fra vedensrommet

Skogbrannane i California er synlege frå verdsrommet. Nasa har frigjort bilete som viser kor omfattande brannane er. Øvst i biletet ser vi brannen i nord som er ein av dei verste i California gjennom tidene. Nedst ser vi dei to brannane som brenn utanfor Los Angeles som no står i fare for å spreie seg på grunn av kraftig vind.

Foto: JOSHUA STEVENS / AFP

Også i slutten av juli blei California råka av kraftig vind under store skogbrannar. Virvelvindar av eld gjorde sløkkearbeidet vanskeleg, og folk var redde for å bli sogne inn i flammehavet av den sterke vinden.

– Vi opplever brannvirvlar som bokstaveleg talt kan kallast tornadoar. Elden er piska opp til ein virvelvind som tenner på tre, flyttar bilar og flyttar delar av vegane, sa den lokale brannsjefen Ken Pimlott den gongen.

Han kalla situasjonen for ekstrem, og sa at det einaste dei kunne gjere var å søke ly og evakuere.

Mann prøver å slukke brann i California

Det har ikkje regna på ein månad i California. Det gjer at brannen lett tek tak og er vanskeleg å sløkke. Her prøver ein mann å få kontroll på flammane ved å bruke jord for å sløkke.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

Vanskeleg redningsarbeid

I nord herjar framleis «Camp»-brannen utanfor byen Paradise. Dette er den største brannen i California no. Brannen har øydelagt rundt 6.700 bygningar. Mange av desse var heimar, melder CNN.

Brannen har også teke mange menneskeliv. og arbeidet med å identifisere dei døde er vanskeleg, skriv The Guardian. I tillegg er 110 menneske sakna. Dødstala gjer brannen til den tredje dødelegaste i California gjennom tidene.

Identifisering av døde i Paradise etter skogbrann

Skogbrannen utanfor byen Paradise nord i California er ein av dei verste gjennom tidene i delstaten. Arbeidet med å identifisere dei døde er vanskeleg.

Foto: Noah Berger / AP

Lenger sør i California brenn det to brannar som har fått namna «Hill» og «Woolsey». Brannmannskapa har grei kontroll på «Hill», som er den minste av desse. Men brannane kan blusse opp att når vinden aukar.

Brannane i sør har så langt øydelagt 179 bygningar, men ifølgje brannredningstenesta er rundt 57.000 bygningar truga av brannane.

SISTE NYTT

Siste nytt