Hopp til innhold

Frå skogbrann til flaum i Aten

Etter tre dagar med skogbrannar, kom regnet til Aten. Det har ført til flaum fleire stader utanfor den greske hovudstaden.

Flom i Hellas

Flaumen utanfor Aten har skapt problem blant anna for mange bilistar. Dette biletet er frå ein parkeringsplass nord for den greske hovudstaden. Det kraftige regnet kom etter fleire dagar med skogbrannar rundt Aten.

Foto: Panagiotis Michalopoylos / AP

Minst 82 menneske har mista livet og over 180 er skadde etter fleire dagar med kraftige skogbrannar i Hellas. Medan leitinga etter omkomne heldt fram i brannruinane, kom regnet til Aten torsdag.

Men den tørre grunnen klarte ikkje å ta unna det kraftige regnet, og førte til flaum i områda rundt Aten. Brannvesenet i Aten har rykka ut til fleire heimar og forretningar som har stått under vatn.

Mannskap måtte også rykke ut til ein parkeringsplass nord for Aten der fleire menneske var fanga i bilar etter at grunnen blei til ein sjø av gjørme. Styresmaktene oppmoda bilførarar til å unngå området, og har stengt motorvegen ut av Aten.

Skadde biler etter flom i Hellas

Det er store materielle skadar etter flaumen utanfor Aten. Men det har så langt ikkje kome meldingar om døde eller skadde personar.

Foto: Thanassis Stavrakis / AP

Hæren kopla inn

Ein del av nedbøren som kom torsdag, fall i området der landsbyen Mati ligg, aust for hovudstaden. Dette området blei hardt råka av skogbrannane. Mange av dei omkomne i brannane budde i landsbyen.

Det greske forsvarsdepartementet har kalla ut soldatar for å få rydda opp i ruinane og grave grøfter som kan leie vatnet bort og hindre flaum i det brannherja området.

Utbrente hus i Mati i Hellas

Landsbyen Mati på austkysten av Hellas blei hardt råka av skogbrannane. Fleire av dei som har mista livet i skogbrannane, budde her.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

I november mista 16 menneske livet etter flaum i områda rundt Aten. Det er så langt ikkje meldt om døde eller skadde etter styrtregnet torsdag.

Langvarig opprydding

Det vil ta lang tid å få rydda opp etter skogbrannane. Fleire tusen hus som har fått store brannskadar, og dødstala stig stadig. Men arbeidet med å få identifisert dei døde er vanskeleg. Tyskland har sendt rettsmedisinske ekspertar til Hellas for å hjelpe til i arbeidet.

Branner ved Rafina i Hellas

Det har brunne kraftig i skogar fleire stader i Hellas denne veka. Dette er frå Rafinha. Det brenn framleis enkelte stader, men brannmannskapa skal ha kontroll på desse.

Foto: Angelos Tzortzinis / AFP

Styresmaktene jobbar også med å få oversikt over dei materielle skadane etter skogbrannane. Ekspertar har så langt undersøkt nesten 2.500 brannskadde hus. Halvparten av desse er det ikkje mogleg å bu i.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.